Pictures at an Exhibition av Emerson, Lake & Palmer

Pictures at an Exhibition av Emerson, Lake & Palmer
Konsertalbum av Emerson, Lake & Palmer
Utgjeve November 1971
Innspelt 26. mars 1971
Spelestad Newcastle City Hall i Newcastle i England
Sjanger Progressiv rock
Lengd 37:56
Selskap Island (Storbritannia)
Cotillion,
Rhino (USA)
Produsent Greg Lake
Emerson, Lake & Palmer-kronologi
Tarkus
(1971)
Pictures at an Exhibition av Emerson, Lake & Palmer Trilogy
(1972)


Pictures at an Exhibition er eit konsertalbum av det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i november 1971 på Island Records. det er ei innspeling av bandet sitt arrangement av Bilete på ei utstilling av Modest Mussorgskij, framført i Newcastle City Hall den 26. mars 1971. Keith Emerson ønskte å arrangere stykket etter å ha sett ei orkesterframføring av stykket fleire år tidlegare. Han kjøpte ein kopi av notane og la fram ideen til Greg Lake og Carl Palmer, som gjekk med på å lage ein versjon.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideD+[2]
Rolling Stone(negativ)[3]
The Daily VaultB+[4]
Sound & Vision4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[5]
Sea of Tranquility5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]

Pictures at an Exhibition nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og tiandeplassen på den amerikanske Billboard 200. I 2001 vart han gjeve ut på ny i ei ommastra utgåve som inkluderte ei studioutgåve av stykket.

InnspelingEndra

Det originale konsertalbumet vart spelt inn i Newcastle City Hall i Newcastle upon Tyne i England. Opningssporet vart spelt på eit pipeorgel av Harrison & Harrison som vart sett inn i konserthuset i 1928. Orgelet var plassert eit stykke over scenen og trommevirvelen som kjem mellom opningssporet og det neste sporet var for å dekkje tida det tok Emerson å kome seg ned på scenen.

På grunn av konfliktar i leiinga til bandet, vart ikkje innspelinga gjeven ut før etter Tarkus, det andre studioalbumet deira. Plateselskapet var motvillig til å gje ut ein klassisk suite på eit album og insisterte at det vart gjeve ut på den klassiske musikk-etiketten deira i staden. ELP frykta at dette kom til å føre til dårlegare salstal og valte i staden å legge utgjevinga på hylla. Etter suksessen med det andre albumet deira, valte selskapet likevel å gje ut Pictures som eit billig konsertalbum.

Det vart òg laga ein video av forskjellige konsertar (Lyceum Theatre, 9. desember 1970). Denne vart vist på somme kinoar i 1973 og kom ut på DVD med Dolby kringlyd i 2000. Sidan det var eit konsertalbum, vart tonen i dei spenningskontrollerte Moog-oscillatorane til Keith Emerson stundom ureine, på grunn av fukt og temperatur.

PlateomslagEndra

Plateomslaget vart designa og måla av William Neal. Det syner nokre blanke felt med rame rundt og titlar frå stykka: «The Old Castle», «The Gnome», etc. Dei blanke områda var i røynda store oljemåleri fulle av ELP-symoblikk, som Tarkus-bakgrunnen på «Hut» og den kvite dua i «Promenade».

På innsida av plateomslaget kunne ein sjå måleria, men eitt var framleis blankt: «Promenade». Det musikalske stykket handlar ikkje om eit bilete, men ei vandring gjennom galleriet. Somme CD-omslag nytta berre versjonen med dei «utildekte» bileta.

Alle måleria vart seinare hengde opp i Hammersmith rådhus i London, og fotografert av Keith Morris og Nigel Marlow.[7]

ArrangementEndra

Bandarrangementet av suiten nyttar berre fire av dei originale ti stykka i suiten til Mussorgsky, i tillegg til «Promenade» som knyt dei saman. Suiten vart framført på konserten som eit kontinuerleg stykke, med nye seksjonar skrivne av gruppa mellom originalstykka til Mussorgsky. Originalinnspelinga til Mussorgsky er utheva.

  1. Promenade: Orgelsolo (instrumental)
  2. The Gnome: Gruppe (instrumental)
  3. Promenade: Hammondorgel og vokal
  4. (Mellomspel: kort synthesizersolo, ikkje eit Mussorgsky-stykke)
  5. The Sage: Eit nytt bilete «teikna» av Lake i same stemning som ein minnesang frå mellomalderen. Fungerer som ein slags romantisk opptakt til «The Old Castle»
  6. (Mellomspel: Moog-sløyfe-kontollert-solo av Emerson, ikkje eit Mussorgsky-stykke)
  7. The Old Castle: Full gruppe med ei mykje raskare utgåve av originaltemaet. Denne glir rett over i neste seksjon:
  8. Blues Variation, ein 12-taktsblues av heile gruppa, som låner tema frå både The Old Castle og noko musikk som Emerson tidlegare hadde spelt med The Nice
  9. Promenade: Gruppe (instrumental)
  10. The Hut of Baba Yaga: Gruppe (instrumental)
  11. The Curse of Baba Yaga er ein ny tittel til den midtre delen av originalstykket. Musikken er igjen ei tilpassing av det originale stykke, berre teksten og vokalen er heilt ny for dette stykket.
  12. The Hut of Baba Yaga: Gruppe (instrumental)
  13. The Great Gates of Kiev er òg det nest siste biletet i pianosyklusen til Mussorgsky, med vokal og tekst lagt til av gruppa. Stykket inneheld eit refreng i midten med Hammondorgel-feedback.

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Promenade»Modest Mussorgsky, arrangert av Keith Emerson1:58
2.«The Gnome»Mussorgsky, Carl Palmer4:18
3.«Promenade»Mussorgsky, arrangert av Greg Lake1:23
4.«The Sage»Lake4:42
5.«The Old Castle»Mussorgsky, Emerson2:33
6.«Blues Variation»Emerson, Lake, Palmer4:22
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Promenade»Mussorgsky, arrangert av Emerson1:29
8.«The Hut of Baba Yaga»Mussorgsky, arrangert av Emerson1:12
9.«The Curse of Baba Yaga»Emerson, Lake, Palmer4:10
10.«The Hut of Baba Yaga»Mussorgsky, arrangert av Emerson1:06
11.«The Great Gates of Kiev»Mussorgsky, Lake6:37
12.«Nut Rocker»Tsjaikovskij, Kim Fowley, arrangert av Emerson, Lake, Palmer4:26
Bonussspor frå 2001
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Pictures at an Exhibition» (studioutgåve)*
  • «Promenade» 1:44
  • «The Gnome» 2:07
  • «Promenade» 1:46
  • «The Sage» 3:08
  • «The Hut of Baba Yaga» 1:17
  • «The Great Gates of Kiev» 5:26»
Mussorgsky, Emerson, Lake, Palmer15:28

* Studioutåve, spelt inn i 1993, gjeven ut i plateboksen The Return of the Manticore og somme utgåver av albumet In the Hot Seat frå 1994.

Bonusspor på luksusutgåva frå 2005
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Pictures at an Exhibition» (Medley frå Isle of Wight Festival 1970)
  • «Promenade» (Instrumental)
  • «The Gnome»
  • «Promenade» (vokal)
  • «The Sage»
  • «The Old Castle» (ikkje oppført i heftet)
  • «Blues Variation» (ikkje oppført i heftet)
  • «Promenade» (ikkje oppført i heftet)
  • «The Hut of Baba Yaga»
  • «The Great Gates of Kiev»
Mussorgsky, Emerson, Lake, Palmer35:17
Luksusutgåva frå 2016 - CD ein - Originalalbumet frå 1971 - ommastra i 2016 - pluss bonus
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Promenade»Modest Mussorgsky, arrangert av Keith Emerson1:58
2.«The Gnome»Mussorgsky, Carl Palmer4:18
3.«Promenade»Mussorgsky, arrangert av Greg Lake1:23
4.«The Sage»Lake4:42
5.«The Old Castle»Mussorgsky, Emerson2:33
6.«Blues Variation»Emerson, Lake, Palmer4:22
7.«Promenade»Mussorgsky, arrangert av Emerson1:29
8.«The Hut of Baba Yaga»Mussorgsky, arrangert av Emerson1:12
9.«The Curse of Baba Yaga»Emerson, Lake, Palmer4:10
10.«The Hut of Baba Yaga»Mussorgsky, arrangert av Emerson1:06
11.«The Great Gates of Kiev»Mussorgsky, Lake6:37
12.«Nut Rocker»Tchaikovsky, Kim Fowley, arrangert av Emerson, Lake, Palmer4:26
13.«Pictures at an Exhibition» (Medley)
  • «Promenade» (Instrumental)
  • «The Hut of Baba Yaga»
  • «The Curse of Baba Yaga»
  • «The Hut of Baba Yaga»
  • "The Great Gates of Kiev» (Bonusspor - Konsertopptak frå Mar Y Sol Festival Puerto Rico 4. desember 1972)
Mussorgsky, arrangert av Emerson, Lake, Palmer 
Luksusutgåva frå 2016 - CD to - Konsertopptak frå Lyceum Theatre den 8. desember 1970
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Promenade»Mussorgsky2:02
2.«The Gnome»Mussorgsky, Palmer5:41
3.«Promenade»Mussorgsky, Lake1:24
4.«The Sage»Lake5:07
5.«The Old Castle»Mussorgsky, Emerson4:24
6.«Blues Variation»Emerson, Lake, Palmer6:05
7.«Promenade»Mussorgsky1:31
8.«The Hut of Baba Yaga»Mussorgsky1:15
9.«The Curse of Baba Yaga»Emerson, Lake, Palmer4:56
10.«The Hut of Baba Yaga»Mussorgsky1:11
11.«The Great Gates of Kiev/The End»Mussorgsky, Lake6:52
12.«The Barbarian»Béla Bartók, arrangert av Emerson, Lake, Palmer5:23
13.«Knife-Edge»Emerson, Lake, Leoš Janáček, Johann Sebastian Bach, Richard Fraser8:03
14.«Rondo»Dave Brubeck, Emerson, Lee Jackson, David O'List, Brian Davison17:50
15.«Nut Rocker»Tsjaikovskij, Fowley4:26

MedverkandeEndra

Emerson, Lake & PalmerEndra

ProduksjonEndra

  • Produsent: Greg Lake
  • Lydteknikar: Eddy Offord
  • Ommastering: Joseph M. Palmaccio
  • Arrangørar: Keith Emerson, Greg Lake
  • Innspelt ved hjelp av Pye Mobile Recording Unit
  • Design, måleri og kunst: William Neal
  • Fotografi: Nigel Marlow, Keith Morris

SalslisterEndra

Albumet nådde tredjeplassen på UK Albums Chart i desember 1971, men vart selt som eit billigalbum. Frå og med starten av 1972 vart reglane endra slik at billigalbum ikkje lenger vart inkludert på lista. Pictures forsvann derfor ut av lista etter berre fem veker.

I USA nådde albumet tiandeplassen på Billboard-lista tidleg i 1972.

SingelEndra

  • Nut Rocker / The Great Gates of Kiev (USA)

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce (2011). «Pictures at an Exhibition – Emerson, Lake & Palmer | AllMusic». Allmusic. Henta 23. februar 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: E». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Bangs, Lester (2 Mars 1972). «Emerson, Lake & Palmer: Pictures At An Exhibition : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11 Desember 2007. Henta 3. september 2012. 
  4. Smith, Dan (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Pictures at an Exhibition». dailyvault.com. Henta 23. februar 2020. 
  5. Mettler, Mike. «ELP Reissue Series: Emerson, Lake & Palmer; Tarkus; Pictures at an Exhibition». soundandvision.com. Henta 23. februar 2020. 
  6. Pardo, Pete. «Emerson Lake & Palmer: Pictures at an Exhibition (remastered)». Sea of Tranquility. Henta 23. februar 2020. 
  7. William Neal Studio Arkivert 5. februar 2010 ved Wayback Machine.