Tarkus
Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer
Utgjeve 14. juni 1971[1]
Innspelt Januar 1971
Studio Advision Studios, London
Sjanger Progressiv rock[2]
Lengd 38:55
Selskap Island
Produsent Greg Lake
Emerson, Lake & Palmer-kronologi 
Emerson, Lake & Palmer
(1970)
Tarkus Pictures at an Exhibition
(1971)


Tarkus er det andre studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i juni 1971 på Island Records. Etter den europeiske turneen deira i 1970 drog gruppa attende til Advision Studios i London i januar 1971 for å førebu materiale for eit nytt album. Side ein består av den sju delar lange «Tarkus», med ei samling kortare songar på side to.

Tarkus gjekk til topps på UK Albums Chart, og nådde niandeplassen på Billboard 200 i USA, og 12. plassen i Canada ved to forskjellige høve.

Innspeling og konsept endre

Emerson, Lake & Palmer byrja arbeidet med det andre studioalbumet sitt i januar 1971.[3]

«Tarkus»-suiten førte til krangling i bandet. Lake likte ikkje retninga som musikken til Emerson tok og slutta nesten i gruppa på grunn av dette. Ein av managerane i bandet overtydde han om å bli. Han kom etter kvart til å sjå verdien i verket og bidrog sjølv med «Battlefield»-seksjonen.[4]

«Tarkus» er ein suite i sju delar. Innspelinga varer nesten 21 minuttar og tar opp heile side ein av albumet. Seksjonane med oddetal er instrumentalar, og dei med partal har vokal. Det er eit konseptstykke, der temaet ikkje berre går att i musikken og tekstane, men òg i plateomslaget og titlane på seksjonane. Likevel er konseptet og soga open for tolking. Den andre sida av albumet består av kortare songar som ikkje har noko med «Tarkus» eller kvar andre å gjere.[4]

Plateomslag endre

 
Graffiti i São Paulo med inspirasjon frå platecoveret.

William Neal laga plateomslaget for albumet, som syner eit beltedyr på ei stridsvogn. Biletet har blitt ikonisk for progressiv rock.[5]

Emerson sa «For alle representerte det musikken me laga i studio. Dagen etter, då eg køyrde opp frå Sussex slo stadig biletet av beltedyret meg. Eg måtte gje det eit namn. Noko gutturalt. Det måtte byrje med bokstaven 'T' og slutte med noko flott. «Tarka the Otter» kan han ha vore i tankane, men dette beltedyret måtte ha eit vitskapleg namn som representerte evolusjonsteorien til Charles Darwin i revers. Ein mutasjon av artane på grunn av stråling ... 'Tarkus'!»[6]

I innsida av omslaget kan ein sjå elleve bilete som illustrerer hendingane i «Tarkus». Det byrjar med eit vulkanutbråt, der Tarkus kjem fram frå eit egg. Tarkus møter fleire kybernetiske skapningar og kulminerer i eit slag mot mantikoren. Mantikoren stikk Tarkus i auga og Tarkus trekkjer seg blødande attende til elva.[5]

Utgjeving endre

Tarkus kom ut 14. juni 1971 i Storbritannia på Island Records, og kring to månader seinare i USA på Atlantic Records-etiketten Cotillion Records.[7] Det er eit av berre to ELP-album som nådde topp 10 i USA og nådde niandeplassen der. Trilogy, året etter nådde femteplassen. I Storbritannia vart dette et einaste albumet deira som gjekk heilt til topps på albumlista.[7] Tarkus låg i alt 17 veker inne på den britiske albumlista.[8]

Tarkus selde til gullplate i USA kort tid etter det kom ut den 26. august 1971.[9]

I 1993 vart albumet digitalt ommastra av Joseph M. Palmaccio i PolyGram Studios. Denne kom ut på Victory Music i Europa og Rhino Records i Nord-Amerika.

Mobile Fidelity Sound Lab gav ut ein Anadisq 200 Series LP (MFSL-1-203) og Gold CD UltraDisc II (UDCD 598)[10] i 1994. Desse er ikkje lenger i trykk.[11]

I mai 2012 annonserte Steven Wilson at han hadde miksa to klassiske album av ELP på nytt debutalbumet frå 1970 og Tarkus. Begge albuma kom ut på Sony 27. august 2012 som triple plater. I kvar plate var den originale miksen, Wilson-miksen og mange bonusspor. Plate tre var ein DVD-Audio med 5.1-kringlydmiks og høgoppløyselege versjonar av steroemiksane frå 2012.[12]

Mottaking endre

Sjølv om albumet no vert rekna som eit essensielt progressiv rock-album, fekk Tarkus heller laber kritikk då det kom ut. David Lebin i Rolling Stone skreiv: «Tarkus inneheld tre artistar som feilaktig prøver å bli skaparar. Uansett kor kjapt og i kor mange stilar dei kan spele. Emerson, Lake og Palmer vil halde fram å gje ut middelmådigheiter som Tarkus fram til dei oppdagar kva dei må seie på eiga hand og for seg sjølv.»[13]

Ettermæle endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [14]
Sound & Vision     [15]
Classic Rock RevisitedA[16]
The Daily VaultA[17]
Sea of Tranquility     [18]

François Couture skreiv seinare for AllMusic at han kjende at Tarkus er «eit særs solid album, særskild for progrockfansen - ingen akustiske Greg Lake-balladar, ingen lange jazzmellomspel». Couture konkluderte «Meir fullendt enn debutalbumet, men ikkje like polert som Brain Salad Surgery, Tarkus er likevel noko ein må ha.»[19]

Emerson sa seinare at Tarkus var eit av favorittalbuma hans, «ikkje minst på grunn av tittelsporet som har fått sitt eige liv».[7]

PopMatters rangerte Tarkus som det 21. beste progressive rockealbumet gjennom tidene.[20]

Innhald endre

All tekst er skriven av Greg Lake.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tarkus»
  • «Eruption» (Emerson) – 2:43
  • «Stones of Years» (Emerson, Lake) – 3:43
  • «Iconoclast» (Emerson) – 1:16
  • «Mass» (Emerson, Lake) – 3:09
  • «Manticore» (Emerson) – 1:49
  • «Battlefield» (Lake) – 3:57
  • «Aquatarkus» (Emerson) – 3:54»
Keith Emerson, Greg Lake20:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jeremy Bender»Emerson, Lake1:41
2.«Bitches Crystal»Emerson, Lake3:54
3.«The Only Way (Hymn)»Emerson, Lake3:50
4.«Infinite Space (Conclusion)»Emerson, Carl Palmer3:18
5.«A Time and a Place»Emerson, Lake, Palmer3:00
6.«Are You Ready, Eddy?»Emerson, Lake, Palmer2:09
Total lengd:38:55
Bonnusspor på japansk utgåve frå 2010
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Prelude and Fugue» (framført av Keith Emerson på piano)Friedrich Gulda3:17

2012-miksen endre

All tekst er skriven av Greg Lake.

CD 2 - The Alternate Tarkus New 2012 Stereo Mixes
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tarkus»
  • «Eruption» (Emerson)
  • «Stones of Years» (Emerson, Lake)
  • «Iconoclast» (Emerson)
  • «Mass» (Emerson, Lake)
  • «Manticore» (Emerson)
  • «Battlefield» (Lake)
  • «Aquatarkus» (Emerson)»
Emerson, Lake20:46
2.«Jeremy Bender»Emerson, Lake1:57
3.«Bitches Crystal»Emerson, Lake3:59
4.«The Only Way (Hymn)»Emerson, Lake3:47
5.«Infinite Space (Conclusion)»Emerson, Palmer3:23
6.«A Time and a Place»Emerson, Lake, Palmer3:03
7.«Are You Ready, Eddy?»Emerson, Lake, Palmer2:12
Bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Oh, My Father»Lake4:07
9.«Unknown Ballad»Emerson3:04
10.«Mass» (alternativt opptak)Emerson, Lake4:30

Medverkande endre

Emerson, Lake & Palmer endre

Produksjon endre

Salslister endre

År Liste Plassering
1971 UK Albums Chart 1[8]
1971 Billboard 200 9[23]
1971 RPM 100 12[24]

Salstrofé endre

Land Organisasjon Sal
US RIAA Gull[9]

Kjelder endre

  1. «Tarkus page on the Emerson, Lake & Palmer official website». 
  2. Macan, Edward (1997). Rocking the Classics: English Progressive Rock and the Counterculture (på engelsk). Oxford University Press. s. 116. ISBN 9780199880096. 
  3. Dome, Malcolm (2011). «Emerson, Lake & Palmer's Tarkus». Classic Rock Presents Prog (17): 74. 
  4. 4,0 4,1 Macan 1997, s. 87.
  5. 5,0 5,1 Macan 1997, s. 88.
  6. Dome, Malcolm (2011). «Emerson, Lake & Palmer's Tarkus». Classic Rock Presents Prog (17): 76. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Dome, Malcolm (2011). «Emerson, Lake & Palmer's Tarkus». Classic Rock Presents Prog (17): 77. 
  8. 8,0 8,1 «Emerson, Lake & Palmer chart positions in the UK». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. november 2014. 
  9. 9,0 9,1 «RIAA's Gold & Platinum Program searchable database». Recording Industry Association of AmericaMal:Cn. Arkivert frå originalen 2. september 2008. 
  10. «Mobile Fidelity Sound Lab complete Gold CD UltraDisc and UltraDisc II discography». Arkivert frå originalen 21. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  11. «Mobile Fidelity Sound Lab album discography». 
  12. «Emerson Lake & Palmer - TARKUS [DVD-A]». 
  13. David Lebin (19. august 1971). «Emerson, Lake & Palmer: Tarkus : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. november 2007. 
  14. «Tarkus - Emerson, Lake & Palmer - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. 
  15. Mettler, Mike. «ELP Reissue Series: Emerson, Lake & Palmer; Tarkus; Pictures at an Exhibition». soundandvision.com. Henta 23. februar 2020. 
  16. https://www.classicrockrevisited.com/show_review.php?id=905
  17. Haugen, Tom (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Tarkus (Deluxe Edition)». dailyvault.com. Henta 23. februar 2020. 
  18. Pardo, Pete. «Emerson Lake & Palmer: Tarkus (remastered/remixed)». Sea of Tranquility. Henta 23. februar 2020. 
  19. François Couture. «Tarkus - Emerson, Lake & Palmer». AllMusic. 
  20. https://www.popmatters.com/25-best-progressive-rock-albums-2495470374.html
  21. Emerson, Keith (2004). Pictures of an Exhibitionist, John Blake Publishing Ltd., ISBN 1-84454-053-7, p. 205.
  22. Tarkus. Island Records. 1971. ILPS 9155. 
  23. «Tarkus chart position in the US». Billboard. 
  24. «RPM Top 100 Albums - 31. juli 1971» (PDF).