Trimurti (sanskrit trimūrti, devanagari त्रिमूर्ति, ‘tre former’) er eit omgrep i hinduismen om ei guddommeleg treeining, sett saman av Brahma, Visjnu og Sjiva. Dei tre har ulike kosmiske funksjonar: Brahma står for skapinga, Visjnu for å oppretthalde og verna, medan Sjiva er øydeleggjaren eller omformaren. Dei tre guddommane er også blitt kalla «den hinduistiske triaden» eller «den store treeininga»

Trimurtien: Brahma, Visjnu og Sjiva avbilda i Ellora.

Det var vanleg å framstilla trimurtien i hindukunst for rundt 2000 år sidan, men omgrepet fekk mindre tyding på grunn av bhakti- og vedantarørslene i det første tusenåret. Ein kan framstilla dei tre gudane som tre figurar saman, eller som ein figur med tre hovud eller tre andlet. Guden Dattatreja blir av og til rekna som ei personifisering av trimurtien.

I dei største noverande retningane innan hinduismen har Brahma ingen framtredande plass, medan anten Visjnu, Sjiva eller Devi blir oppfatta på monoteistisk vis som Isjvara. I den fjerde store noverande retningen i hinduismen, advaita-vedanta, er alle guddommar (særleg Visjnu, Sjiva, Devi, Surya, Ganesja og Skanda/Murugan) rekna som likeverdige manifestasjonar av brahman. Blant mange vaishnavaer lever oppfatninga i modifisert form: Brahma og Shiva kan reknast som mindre openberringsformer av Visjnu.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Trimurti