Trine Rein

norsk songar

Trine Rein (fødd 7. november 1970) er ein norsk songar. Ho er fødd i San Francisco og har både amerikansk og norsk statsborgarskap.

Trine Rein
TrineRein.jpg
Fødd7. november 1970 (51 år)
FødestadSan Francisco
OpphavNoreg
Aktiv1988–
Sjangerrock
Instrumentvokal
PlateselskapEMI
Verka somsongar
Gift medLars Monsen
Sambuar medLars Monsen
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer

Rein er oppvaksen på Nesodden.[1][2] Etter eit kort opphald i USA, der ho jobba som limousinsjåfør, kom ho attende til Noreg.[3]

Rein fekk gjennombrot i 1993 med debutalbumet Finders, Keepers som låg øvst på salslistene i Noreg i fem veker og totalt selde til 3 gonger platina.[4] Albumet gav ho prisen Årets nykommer under Spellemannprisen 1993. Året etter vart ho nominert til årets spellemann under Spellemannprisen 1994, som dette året vart kåra delvis ved hjelp av publikumsrøyster.[5][6] I 1996 gav Rein ut det andre albumet sitt, Beneath My Skin. For albumet vart ho nominert til Spellemannprisen 1996 i klassa kvinneleg artist.[5]

Rein vart populær i Japan, der nesten to tredelar av totalt rundt 600 000 eksemplar av det fyrste albumet vart selde. I 2006 og 2007 deltok ho i Melodi Grand Prix. I 2009 deltok ho i Zebra Grand PrixTV 2 Zebra, der ho saman med lagkameraten Jan Erik Larssen kom på førsteplass. Rein var deltakar i tredje sesong av Stjernekamp, der ho kom på andreplass. Ho har i fleire år turnert med eigen juleproduksjon. I 2021 vann ho Gammleng-prisen i klassa songar.[7]

I samband med Julegaven, eit musikkalbum frå 2011 med julesongar på norsk og engelsk, stod ho fram som kristen.[8]

I 2015 gifta Rein seg med villmarks- og ekspedisjonsfararen Lars Monsen.[9]

DiskografiEndra

AlbumEndra

  • Finders, Keepers (1993)
  • Beneath My Skin (1996)
  • To Find the Truth (1998)
  • Seeds of Joy (2010)
  • Julegaven (2011)
  • The Well (2017)
  • Julegaven (2019) med Eli Kristin Hansveen

SinglarEndra

  • «Just Missed the Train» (1993)
  • «Stay With Me Baby» (1994)
  • «Torn» (1996)
  • «Do You Really Wanna Leave Me This Way» (1996)
  • «The State I'm In» (1996)
  • «Never Far Away» (1996)
  • «David» (1997)
  • «World Without You» (1998)
  • «Stars and Angels» (1998)
  • «Where Do We Go?» (2019) duett med Ole Børud

SamlealbumEndra

  • The Very Best of Trine Rein (2004)
  • 20 år midt i musikken - Hit'er & favoritter live (2013)

AnnaEndra

  • Time for Peace m. KOR-90 (2008)

ReferansarEndra

  1. «Biography» (på engelsk). Henta 15. august 2020. 
  2. 50 års omtale i Aftenposten 7. november 2020
  3. «- Det var rart å ha solgt en million album på verdensbasis og ikke ha råd til en kaffe». Dagbladet.no (på norsk). 10. oktober 2014. 
  4. «Trine Rein går country». 28. september 2010. Henta 11. juni 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Spellemannprisens arkiv». Henta 11. juni 2021. 
  6. «Traust nominasjon». Helgeland Arbeiderblad. 9. januar 1995. s. 22. 
  7. «Rolf Gammlengs pris våren 2021». 1. juni 2021. Henta 11. juni 2021. 
  8. vg.no 2.12.2012: Trine Rein: - Foreldrene mine lurte på gudstroen var ekte
  9. vg.no 7.11.2015: Trine Rein og Lars Monsen giftet seg i hemmelighet