Thiruvananthapuram
Thiruvananthapuram (tidlegare kalla Trivandrum) er hovudstad i den indiske delstaten Kerala og administrasjonssentrum i Thiruvananthapuram distrikt. Byen ligger heilt sør i Kerala, på sørvestkysten av India, og rundt 8 mil nordvest for sørspissen av India.
Thiruvananthapuram | |||
Malayalam: തിരുവനന്തപുരം, Trivandrum | |||
by | |||
Utsyn mot Keralas lovgivende forsamling i Thiruvananthapuram
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Delstat | Kerala | ||
Distrikt | Thiruvananthapuram | ||
Koordinatar | 8°29′15″N 76°57′07″E / 8.4874°N 76.952°E | ||
Areal | 141,74 km² | ||
Folketal | 744 739 (2001) | ||
Thiruvananthapuram 8°29′15″N 76°57′09″E / 8.4875°N 76.9525°E | |||
Wikimedia Commons: Thiruvananthapuram |
Byen hadde 752 490 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011,[1] 1 687 406 om ein reknar med forstader.[2] Det mest utbreidde språket her er malayalam, som i resten av Kerala.
Historie og stilling
endreNamnet «thiru-anantha-puram» tyder 'byen til Anantha' og viser til gudefiguren i Padmanabhaswamytempelet som ligg sentralt i byen. Tempelet er rundt 2 000 år gammalt. Byen blei gjort til hovudstad av kong Marthandavarma i 1729, og var hovudstad i Travancore frå 1745. Då Kerala blei eigen delstat i 1956 var byen eit naturleg val som delstatshovudstad. Han er erkebispesete både for den katolske kyrkja og den syro-malankariske kyrkja, som har eksistert i Kerala i fleire hundre år.
Byen blei kalla «Trivandrum» av britane, som var aktive i byen sjølv om kongeriket aldri var direkte underlagt det britiske imperiet. I 1991 blei namnet offisielt bytta tilbake til malayalamnamnet Thiruvananthapuram.
Institusjonar og næringsliv
endreByen huser fleire statlege bygg, kontor, organisasjonar og verksemder. Thiruvananthapuram er også eit akademisk sentrum med fleire høgare utdanningsinstitusjonar som Universitet i Kerala frå 1933, Vikram Sarabhai Space Centre (VSSC), Technopark og Det indiske instituttet for romvitenskap og teknologi (IIST). I tillegg finst fleire museum, ein botanisk hage og ein dyrehage.
Thiruvananthapuram er også ein viktig hamneby med kystfiske og handel. Det blir mellom anna utført kopra og titanjernstein herfrå. Det finst også ein bomulls- og silkeindustri.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettside for Thiruvananthapuram distrikt (engelsk)
- Public Relations Department Page on Trivandrum Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Government of Kerala Website on Thiruvananthapuram District Arkivert 2005-11-09 ved Wayback Machine. (engelsk)
Kjelder
endre- ↑ Census of India; Provisional Population Totals Paper 2 of 2011 : India (Vol II), Cities having population 1 lakh and above (pdf-fil) Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
- ↑ Census of India; Provisional Population Totals Paper 2 of 2011 : India (Vol II), Urban Agglomerations/Cities having population 1 lakh and above (pdf-fil) Oppgjeve av Svensk Wikipedia.
- Trivandrum (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. februar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Thiruvananthapuram» frå Wikipedia på engelsk, og «Thiruvananthapuram» frå Wikipedia på svensk den 12. februar 2014.