Trollhetta

fjell i Surnadal og Rindal kommuner
(Omdirigert frå Trollhøtta)

Trollhetta, eller Trollhøtta, (1616 moh.) ligg sentralt i Trollheimen, på grensa mellom kommunane Surnadal og Rindal. Fjelltoppen kan ein nå frå Jøldalshytta (om lag 800 moh.) eller Trollheimshytta (om lag 500 moh.). Fjellet består av tre toppar, aust, vest og nord. Austtoppen er stort sett tilgjengeleg heile året, medan ein berre kan nå nord- og vesttoppen om sommaren på grunn av ein bratt egg mellom nordtoppen og austtoppen. Stien frå Jøldalshytta til Trollheimshytta via Trollhetta er godt merkt.

Trollhetta
fjell
Trollhetta sett frå vest (frå toppen av Snota). Det høgaste punktet er toppen til høgre. Gråsjøen ligg heilt til nedst til venstre.
Land  Noreg
Område Surnadal (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Trollheimen
Høgd 1 616 moh.
Primærfaktor 884 m
Koordinatar 62°51′12.13″N 9°19′50.12″E / 62.8533694°N 9.3305889°E / 62.8533694; 9.3305889
Kart
Trollhetta
62°51′07″N 9°19′27″E / 62.851944444444°N 9.3241666666667°E / 62.851944444444; 9.3241666666667
Wikimedia Commons: Trollhetta
Nord- og austtoppen
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.