Trommeslagaren Dave Holland
David «Dave» Holland (5. april 1948–16. januar 2018) var ein engelsk rocketrommeslagar som er best hugsa for perioden med Trapeze frå 1969 til 1979 og Judas Priest frå 1979 til 1989.
Dave Holland | |||
Fødd | 5. april 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Northampton, England | ||
Død | 16. januar 2018 | ||
Dødsstad | Lugo | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1965–2004 2015- | ||
Sjanger | Pop, heavy metal, hardrock, funk | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, piano, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Liberators, Pinkerton's Assorted Colours, Finders Keepers, Trapeze, Glenn Hughes, Justin Hayward, Judas Priest, The Screaming Jets, Al Atkins, Tony Iommi | ||
Verka som | Musikar |
Biografi
endreHolland byrja i Finders Keepers i august 1968. Dette utvikla seg etter kvart til Trapeze. I 1979 og 1980 spelte Holland trommer for soloalbuma til Justin Hayward, Songwriter og Night Flight.
Holland slutta i Trapeze og byrja i Judas Priest i august 1979. Han spelte trommer på mange av dei bestseljande albuma til bandet, som British Steel, Screaming for Vengeance, Defenders of the Faith og Turbo. I 1989 førte personlege problem og musikalske skilnader til at Holland slutta i Judas Priest. Han vart erstatta av den opphavlege Saints Or Sinners-trommeslagaren Scott Travis.
Gjennom 1990-åra spelte han ei kort stund med eit gjensameint Trapeze og i lag med forskjellige band som The Screaming Jets.
I 2004 vart Holland dømd for valdtektsforsøk og fleire usømmelege overfall mot ein 17 år gammal gut med lærevanskar som han hadde gjeve trommetimar til.[1] Under rettssaka avslørte Holland at han var biseksuell.[2] Han vart dømd til åtte år i fengsel. På grunn av dette valde Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi å erstatte trommene til Holland på The 1996 DEP Sessions fordi han ikkje ønskte ein dømd sexforbrytar på albumet.[3] Holland har heile tida halde fast på at han var uskuldig.
Diskografi
endreMed The Liberators
endre- Ein singel, gjeve ut i 1965
Med Finders Keepers
endre- «Sadie, The Cleaning Lady» (singel)
Med Trapeze
endre- Trapeze (1970)
- Medusa (1970)
- You Are the Music...We're Just the Band (1972)
- The Final Swing (1974)
- Hot Wire (1974)
- Live at the Boat Club (1975)
- Trapeze (1976)
- Hold On a.k.a. Running (1978/1979)
- Welcome to the Real World (1993)
- High Flyers: The Best of Trapeze (1996)
- Way Back to the Bone (1998)
- On the Highwire (2003)
Med Glenn Hughes
endre- Play Me Out (1977)
Med Justin Hayward
endre- Songwriter (1977)
- Night Flight (1980)
Med Judas Priest
endre- British Steel (1980)
- Point of Entry (1981)
- Screaming for Vengeance (1982)
- Defenders of the Faith (1984)
- Turbo (1986)
- Priest...Live! (1987)
- Ram It Down (1988)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dave Holland (drummer)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «News – Former Priest Member Convicted». Knac.com. Henta 10. september 2016.
- ↑ «Former JUDAS PRIEST Drummer DAVE HOLLAND: 'I Am Bisexual'». BlabberMouth.
- ↑ «TONY IOMMI Erases Sex Offender From 'DEP Sessions'». BlabberMouth.