Point of Entry
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 26. februar 1981
Innspelt Oktober-november 1980, Ibiza i Spania
Sjanger Heavy metal, hardrock
Lengd 37:42
Selskap Columbia
Produsent Judas Priest og Tom Allom
Judas Priest-kronologi 
British Steel
(1980)
Point of Entry Screaming for Vengeance
(1982)


Point of Entry er det sjuande albumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Det kom ut 26. februar 1981.

I 1980 vart Judas Priest spelt ein del på radio med «Breaking the Law» og «Living After Midnight» frå albumet British Steel. Bandet forfølgde derfor den meir melodiøse, radiovenlege retninga på Point of Entry.

Etter British Steel-turneen var over sette band i gang med det neste prosjektet. Denne gongen hadde dei nok pengar til å fly utstyret sitt til Ibiza Studios i Spania, og dette gav Point Of Entry ein meir høglydt, kraftigare og meir «konsertaktig» lyd enn på tidlegare Judas Priest-album.

Marknadsføring endre

Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «Heading Out to the Highway», «Don't Go» og «Hot Rockin'», alle med eigne musikkvideoar. Songen «Heading Out to the Highway» har blitt spelt på dei fleste konsertane til bandet sidan han kom ut. «Desert Plains» vart ofte spelt på konsertane deira i 1980-åra og «Hot Rockin'» vert framleis spelt i nyare tid.

Albumet vart nymastra i 2001 med to bonusspor, ein konsertversjon av «Desert Plains» og «Thunder Road», ein song frå innspelinga av Ram It Down.

Plateomslag endre

Europa-utgåva av albumet bestod av eit fargerikt omslag med ei futuristisk metallvengje over ein horisont, designa av Roslav Szaybo, som hadde laga alle plateomslaga til bandet medan dei var på CBS.[1] Det nordamerikanske omslaget var forskjellig med eit printa papir som skulle simulere midtlinja på ein veg og kvite pappboksar bakom. Dette vart designa av John Berg hos Columbia Records.[1] Glenn Tipton, ein av gitaristane i bandet sa «Omslaget var forferdeleg, og me skulda managementet vårt fordi dei ikkje brukt nok tid på å finne noko som var bra nok. Det amerikanske omslaget var annleis, men det var enno verre!»[2]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]

I 2005 vart Point of Entry rangert på 352. plassen på lista til magasinet Rock Hard over dei 500 beste rocke- og metal-albuma gjennom tidene.[4]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Heading Out to the Highway»3:47
2.«Don't Go»3:18
3.«Hot Rockin'»3:17
4.«Turning Circles»3:42
5.«Desert Plains»4:36
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Solar Angels»4:04
7.«You Say Yes»3:29
8.«All the Way»3:42
9.«Troubleshooter»3:59
10.«On the Run»3:47
Bonusspor frå 2001-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Thunder Road» (innspelt under Ram It Down-innspelinga i 1988)Glenn Tipton og Rob Halford5:12
12.«Desert Plains» (Live i Kiel Auditorium i St. Louis i Missouri; 23. mai 1986) 5:03

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[5] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[6] Gull 500 000^
Verdsomfattande sal: 1 600 000

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Medverkande endre

Judas Priest
Produksjon

Lister endre

Lister (1981) Plassering
Tyske album (Media Control)[7] 19
Norske album (VG-lista)[8] 32
Svenske album (Sverigetopplistan)[9] 14
Britiske album (OCC)[10] 14
US Billboard 200[11] 39

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Popoff, Martin (2007). Judas Priest: Heavy Metal Painkillers. Toronto, Canada: ECW Press. s. 114. ISBN 978-1-55022-784-0. 
  2. Gett, Steve (1984). Judas Priest: Heavy Duty. Port Chester NY: Cherry Lane Music Company, Inc. s. 47. ISBN 0-89524-227-3. 
  3. Huey, Steve. «AllMusic review». Henta 26 May 2013. 
  4. [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 69. ISBN 3-89880-517-4. 
  5. «British album salstrofé – Judas Priest – Point of Entry». British Phonographic Industry.  Enter Point of Entry in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  6. «American album salstrofé – Judas Priest – Point of Entry». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  7. "Judas Priest - Point of Entry". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
  8. "Judas Priest – Point of Entry". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  9. "Judas Priest – Point of Entry". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  10. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
  11. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.