Screaming for Vengeance
Screaming for Vengeance Studioalbum av Judas Priest | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. juli 1982 | |
Innspelt | Januar-mai 1982 | |
Studio | Ibiza Sound Studios på Ibiza i Spania | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 38:42 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Tom Allom | |
Judas Priest-kronologi | ||
---|---|---|
Point of Entry (1981) |
Screaming for Vengeance | Defenders of the Faith (1984) |
Singlar frå Screaming for Vengeance | ||
|
Screaming for Vengeance er det åttande studioalbumet av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Albumet vert rekna som det kommersielle gjennombrotet til bandet, og selde over fem millionar plater verda over. Det selde til dobbel platinaplate i USA og platina i Canada. Albumet inneheld hitsinglen «You've Got Another Thing Comin'», som vart ein av signaturlåtane til bandet og mykje spelt på radio.
Innspeling og utgjeving
endreScreaming for Vengeance vart spelt inn i Ibiza Sound Studios på Ibiza i Spania og miksa i Beejay Recording Studios og Bayshore Recording Studios i Coconut Grove i Florida. Stilmessig var Screaming for Vengeance hardare og tyngre enn British Steel og bandet tok ei retning attende til meir beintfram heavy rock etter den meir melodiske stilen på Point of Entry. Albumet er òg første gongen ein Priest-trommeslagar har spelt på meir enn to Judas Priest-album, då Dave Holland hadde spelt på både British Steel og Point of Entry.
Den mest kommersielt suksessrike singelen frå albumet, «You've Got Another Thing Comin'», vart lagt til albumet i siste augneblink. I følgje gitaristen K.K. Downing «var me ganske nøgde med albumet, men fann ut ganske seint at me skulle ha med ein song til. Me hadde visse delar av songen klar allereie, men skreiv songen ferdig under miksinga i Bee Jay studios. Det skjedde raskt og eg hugsar at me alle likte godt songen, sidan han høyrtest ut som ein god køyresong og kanskje ein god radiosong.»[1] Rob Halford var overraska over suksessen til songen «den songen var gravlagd. Vanlegvis set du dei songane du trur vil gjere det bra fremst. Men venene våre i Sony sa 'Me kjem til å gå for denne songen.' Og me visste verkeleg ikkje kva som føregjekk. Men tilbakemeldingane kom attende, 'Hei, den plata gjer det bra i den og den byen,' og så tok det berre av.»[2]
Screaming for Vengeance vart gjeve ut den 17. juli 1982 og ein nymastra CD-versjon kom ut i mai 2001. I 2010 vart 30-årsjubileumsutgåva til albumet gjeve ut.[1]
Turné
endreThe Vengeance-turneen byrja kort tid etter albumet kom ut i juli 1982 og fokuserte på Nord-Amerika på sommaren og hausten. Priest spelte ikkje i Europa før i desember 1983. Vektlegginga på USA kom av at albumet selde godt der på den tida, og særleg fordi «You've Got Another Thing Comin'» vart ein stor it. Denne og «Electric Eye» vart faste konsertsongar for bandet påå til nyare tid.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Blogcritics | positiv (30th Ann.)[4] |
Decibel | (middels)[5] |
Metal Storm | 10/10[6] |
PopMatters | (30th Ann.)[7] |
Martin Popoff | [8] |
Sputnikmusic | 3.5/5[9] |
Terrorizer | 5/5 (30th Ann.)[10] |
Medan British Steel frå 1980 har blitt omtalt som meisterverket til bandet,[11] var Screaming for Vengeance gjennombrotet til Judas Priest i Nord-Amerika. Sjølv om alle Judas Priest-albuma sidan Sin After Sin i 1977 selde til gullpalte i USA og bandet hadde hatt ein større tilhengjarskare sidan 1979, selde dei «relativt få» plater før Screaming for Vengeance. Albumet selde òg godt verda over.
Screaming for Vengeance nådde 11. plassen på UK Albums Chart og 17. plassen på Billboard 200 Pop Albums i USA. Den 16. oktober 2001 hadde albumet selt til dobbel platinaplate.[12]
Lovord
endreAlbumet vart rangert på 15. plassen på lista til IGN over dei 25 mest innverknadstunge metal-albuma. Screaming for Vengeance vart òg plassert på tiandeplassen på lista til Metal-Rules.com si liste over dei 100 beste metal-albuma. Kerrang! sette albumet på 46. plassen på lista si over dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Hellion» (Instrumental) | 0:41 |
2. | «Electric Eye» | 3:39 |
3. | «Riding on the Wind» | 3:07 |
4. | «Bloodstone» | 3:51 |
5. | «(Take These) Chains» (Bob Halligan jr..) | 3:07 |
6. | «Pain and Pleasure» | 4:17 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Screaming for Vengeance» | 4:43 |
8. | «You've Got Another Thing Comin'» | 5:09 |
9. | «Fever» | 5:20 |
10. | «Devil's Child» | 4:48 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Prisoner of Your Eyes» (innspelt under Turbo-innspelinga i 1985) | 7:12 |
12. | «Devil's Child» (live frå Mid-South Coliseum i Memphis i Tennessee; 12. desember 1982) | 5:02 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Electric Eye» (live frå San Antonio Civic Center, San Antonio, 10. september 1982) | 4:25 |
12. | «Riding on the Wind» (live frå San Antonio Civic Center, San Antonio, 10. september 1982) | 3:10 |
13. | «You've Got Another Thing Comin'» (live frå San Antonio Civic Center, San Antonio, 10. september 1982) | 7:18 |
14. | «Screaming for Vengeance» (live frå San Antonio Civic Center, San Antonio, 10. september 1982) | 4:45 |
15. | «Devil's Child» (live frå Mid-South Coliseum, Memphis i Tennessee; 12. desember 1982) | 5:02 |
16. | «Prisoner of Your Eyes» (innspelt under Turbo-innspelinga i 1985) | 7:12 |
Konsert-DVD med 30-årsjubileumsutgåva
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Electric Eye» | ||
2. | «Riding on the Wind» | ||
3. | «Heading Out to the Highway» | ||
4. | «Metal Gods» | ||
5. | «Breaking the Law» | ||
6. | «Diamonds and Rust» (Joan Baez-song) | Joan Baez | |
7. | «Victim of Changes» | Al Atkins, Tipton, Halford, Downing | |
8. | «Living After Midnight» | ||
9. | «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» (Fleetwood Mac-song) | Peter Green | |
10. | «Screaming for Vengeance» | ||
11. | «You've Got Another Thing Comin'» | ||
12. | «Hell Bent for Leather» |
Medverkande
endre- Judas Priest
- Rob Halford – vokal
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar
- Ian Hill – bassgitar
- Dave Holland – trommer
- Produksjon
Lister
endreLister (1982–2012) | Plassering |
---|---|
Australian Albums (Kent Music Report)[14] | 81 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[15] | 173 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[16] | 139 |
Tyske album (Media Control)[17] | 23 |
Norske album (VG-lista)[18] | 26 |
Spanske album (PROMUSICAE)[19] | 84 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[20] | 14 |
Britiske album (OCC)[21] | 11 |
US Billboard 200[22] | 17 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[23] | Platina | 100 000^ |
USA (RIAA)[24] | 2× Platina | 2 000 000^ |
Sal i verda: | 5 000 000 | |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Screaming for Vengeance» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Downing, K.K. (July 2012). «Hello to everyone!». KKDowning.net. Arkivert frå originalen 16. desember 2012. Henta 19. september 2016.
- ↑ Hart, Josh (6 September 2012). «Interview: Rob Halford on the 30th Anniversary of Judas Priest's 'Screaming for Vengeance'». Guitar World. Henta 19. september 2016.
- ↑ «Screaming for Vengeance review». AllMusic.
- ↑ Doherty, Charlie (28 September 2012). «Music Review: Judas Priest – 'Screaming for Vengeance' (Special 30th Anniversary Edition)». Blogcritics. Henta 10. september 2015.
- ↑ Begrand, Adrien (10 August 2011). «Disposable Heroes: Judas Priest's «Screaming for Vengeance»». Decibel. Henta 10. september 2015.
- ↑ Tombale, Pierre (15 December 2003). «Judas Priest - Screaming for Vengeance». Metal Storm. Henta 10. september 2015.
- ↑ Hayes, Craig (4 October 2012). «Judas Priest - Screaming for Vengeance (Special 30th Anniversary Deluxe Edition)». PopMatters. Henta 10. september 2015.
- ↑ Popoff, Martin (1 November 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-894959-31-5.
- ↑ Stagno, Mike (4 September 2006). «Screaming For Vengeance – Judas Priest». Sputnikmusic. Henta 14 March 2012.
- ↑ Yardley, Miranda (6 September 2012). «Selected and Dissected: Judas Priest – ‘Screaming For Vengeance: 30th Anniversary Edition’. Reviewed». Terrorizer. Henta 10. september 2015.
- ↑ Robinson, Joe. «11 Classic Rock Artists That Shaped Heavy Metal». Ultimate Classic Rock. Henta 19. september 2016.
- ↑ «American album salstrofé – Judas Priest – Screaming for Vengeance». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ Screaming For Vengeance Special 30th Anniversary Edition, JudasPriest.com. Henta 19 July 2012
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Judas Priest – Screaming for Vengeance" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Screaming for Vengeance" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest - Screaming for Vengeance". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Screaming for Vengeance". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Screaming for Vengeance". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Screaming for Vengeance". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Judas Priest – Screaming for Vengeance». Music Canada.
- ↑ «American album salstrofé – Judas Priest – Screaming for Vengeance». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH