Tony Iommi

britisk gitarist

Anthony Frank «Tony» Iommi[1][2] (fødd 19. februar 1948) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend for å ha vore med i det banebrytande heavy metal-bandet Black Sabbath frå starten av, og den einaste som har vore med i bandet heile tida.

Tony Iommi

Iommi med Heaven & Hell i juni 2009
Fødd. missing required parameter 1=''månad''! 19. februar 1948 (75 år)
FødestadBirmingham i England
FødenamnAnthony Frank Iommi Jr.
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1964
Sjanger
Instrumentgitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somGitarist
BornToni-Marie Iommi
PrisarÆresordenen

Tony Iommi spelar venstrehendt gitar, og mista tidleg i karrieren sin fingertuppane på høgre hand. Men i staden for å leggje bort gitaren fann han på ein måte å lage «kunstige» fingrar. Denne inspirasjonen kom frå jazzgitaristen Django Reinhardt, som trass i handikappet med to forbrende fingrar på «gripe-handa» hadde revolusjonert gitarspelet og opparbeidd seg ein unik teknikk. Med sine mørke og blytunge gitarriff blir Iommi av mange rekna som far til metal-sjangeren. Før han vart medlem i Black Sabbath, var Iommi medlem av ei rekkje lokale bluesrock-band i Birmingham-område og prøvespelte ein gong for Jethro Tull, men dei valde Martin Barre i staden.

Tony Iommi har òg spelt inn fleire soloalbum. Han har òg vore med i Rock Aid Armenia og laga The Earthquake Album. Då Queen-vokalisten Freddie Mercury døydde, vart han invitert til å spele i Freddie Mercury Tribute, der både Metallica, Extreme, Elton John og Guns N’ Roses deltok.

Han er frå 2006, som medlem av Black Sabbath, innvotert i Rock and Roll Hall of Fame. Han vart i 2011 ranka som nummer 86 på «Rolling Stone si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene».[3]

I januar 2012 vart det kjend at Iommi hadde lymfom.[4]

Diskografi Endra

 
Den svarte SG-gitaren til Tony Iommi (utstilt i London).

Mythology Endra

  • 1968: Queens Hotel, Silloth UK 13. juli 1968 - Album frå Mythology-gruppa som inkluderte Tony Iommi og Bill Ward før dei danna Earth som til slutt vart Black Sabbath. Mythology bestod av Tony Iommi på gitar, Chris Smith på vokal, Neil Marshall på bass og Bill Ward på trommer. Albumet inneheld 9 spor.

Earth Endra

  • 2011: Coming Of The Heavy Lords av Earth / Flying Hat Band - Dette albumet inneheld 3 spor av Earth og 1 av Black Sabbath og dessutan 4 spor av Flying Hat Band. Etikett: Acid Nightmare Records ANM003
  • 2014: The Rebel Dette albumet inneheld 5 spor frå Earth, 1 frå Black Sabbath, og dessutan eit spor frå Magic Lanterns med Ozzy Osbourne som syng «I Don't Wanna Go To Sleep Again» spelt inn i 1968 og 1 av Chris Sedgwick «Please Don't Let Me Be Misunderstood» med Ozzy på korvokal innspelt i 1975

Jethro Tull Endra

  • I september 1968 forlét Tony Earth for å bli med i Jethro Tull som erstatning for gitaristen Mick Abrahams, han spelte med bandet i ein periode på to månader, frå september til november 1968, før han slutta seg til Earth igjen.
  • The Rock and Roll Circus av Michael Lindsay-Hogg med Rolling Stones - Ymse artistar: Iommi spelar med Jethro Tull den 11. desember 1968 for stykket «A Song For Jeffrey» som vart spelt som playback. Gjeve ut på CD og VHS i 1996 så på DVD i 2004.

Solo Endra

med Glenn Hughes Endra

med Heaven & Hell Endra

med Ian Gillan (WhoCares) Endra

Black Sabbath Endra

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Black Sabbath.

Andre bidrag Endra

  • 1975: Funkist av Bobby Harrison: Med Ian Paice, Micky Moody, Matthew Fisher, Herbie Flowers osv.
  • 1981: Heavy Metal: Soundtrack til filmen med same namn med ein låt av Black Sabbath, «Mob Rules».
  • 1989: Rock Aid Armenia: Singel: Humanitær innsats frå den britiske musikkbransjen for å hjelpe dei armenske ofra etter jordskjelvet i 1988. Tony Iommi spelar på stykket «Smoke on the Water]» med ei besetning som bestod av Bryan Adams, Ian Gillan, Bruce Dickinson, Paul Rodgers, Geoff Beauchamp, Geoff Downes, Keith Emerson, Brian May, David Gilmour, Ritchie Blackmore, Alex Lifeson, Chris Squire og Roger Taylor.
  • 1990: Guitar Speak II: Ymse artistar: Tony Iommi på gitar og bass på «Mirahna». Tony produserte òg albumet. På dette albumet medverkar òg Frank Marino, tidlegare medlem av Mahogany Rush, Hank Marvin og Jan Akkerman m.fl.
  • 1991: The Stonk av Hale & Pace: Tony spelar på dette albumet av Gareth Hale og Norman Pace, saman med Brian May, David Gilmour, Neil Murray, Cozy Powell, Roger Taylor, Rowan Atkinson på trommer (!), Suzie O'List og mange andre musikarar.
  • 1992: Wayne's World Soundtrack: Ymse artistar: Black Sabbath låner ut stykket «Time Machine».
  • 1992: The Freddie Mercury Tribute Concert: «Heaven and Hell» (intro), «Pinball Wizard» (intro), «I Want It All» (Roger Daltrey); «Hammer To Fall» (Gary Cherone); «Stone Cold Crazy» (James Hetfield) «The Show Must Go On» (Elton John).
  • 1993: Death and Progress av Diamond Head: Tony spelte gitarsolo på låten «Starcrossed (Lovers of the Night)».
  • 1993: Live & Loud av Ozzy Osbourne: Dei fire originale musikarane i Black Sabbath spelar på det homonyme stykket.
  • 1995: The Carnival Bizarre av Cathedral: Iommi på gitar på Utopian Blaster.
  • 1996: Twang! - A Tribute to Hank Marvin & The Shadows Ymse artistar: Tony på Wonderful Land.
  • 1997: The Ozzman Cometh - Ozzy Osbourne: Samlealbum med fire ikkje tidlegare utgitte Black Sabbath-låtar, frå John Peel Sessions frå 26. april 1970, «Black Sabbath», «War Pigs», «Fairies Wear Boots» og «Behind the Wall of Sleep».
  • 1999: Orexis of Death av Necromandus: Tony spelte på tittelsporet på dette albumet som vart spelt inn i 1973, men gjeve ut i 1999.
  • 2000: Blair Witch 2 Original Score - Motion Picture Soundtrack - Tony spelar på stykket «Goodbye Lament» med Dave Grohl, komponert av Tony Iommi.
  • 2000: Loud Rock Ymse artistar - Tony med Ozzy Osbourne og Wu-Tang Clan på låten «For Heaven's Sake 2000».
  • 2002: Party at the Palace The Queens's Concerts, Buckingham Palace Ymse artistar: Tony akkompagnerer Ozzy Osbourne og spelte på «Paranoid» saman med Pino Palladino på bass og Phil Collins på trommer på denne konserten til ære for dronning Elisabeth.
  • 2008: We Wish You a Metal Xmas med ymse artistar: Tony opptrer på «God Rest Ye Merry Gentlemen».
  • 2008: Legacy av Girlschool: Tony på stykket «I Spy» med Ronnie James Dio.
  • 2019: The Door to Doom av Candlemass - Solo på låten «Astorolus - The Great Octopus».
  • 2022: Patient Number 9 av Ozzy Osbourne. - Opptrer på to songar, «No Escape from Now» og «Degradation Rules».

Kjelder Endra

  1. «Black Sabbath Online: Tony Iommi Biography». Web. Henta 15. september 2012. 
  2. «Tony Iommi Diskografi at Discogs». Web. Henta 15. september 2012. 
  3. Rolling Stone – Tommy Iommi
  4. «Black Sabbath gitarist Tony Iommi fighting cancer». The Telegraph. 9. januar 2012. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff Endra

  Commons har multimedium som gjeld: Tony Iommi