Trond Buland (fødd 12. april 1958) er ein norsk doktor i sosiologi og forfattar av fantastisk litteratur. Han er tilsett som forskar ved SINTEF i Trondheim. Buland kjem frå Selbu.

Trond Buland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1958 (66 år)
Yrke skribent, science fiction-forfattar

Han har skrive novellesamlingane S-O-S Jupiter : science fiction noveller (1985) og Den lange drømmen (1992). I tillegg har han noveller med i novelleantologiane Siste reis (1983), Asterveg (1989) og Evigskogen (1990), alle utkomne hjå Bok- og Magasinforlaget. Han har også fått publisert ei rekkje noveller i aviser, magasin og fanziner.

Verk endre

Novellesamlingar endre

  • 1985 – S-O-S Jupiter : science fiction noveller. (Nova serien) Oslo : Magasinforlaget, 1985. (114 s.) ISBN 82-90387-10-5
  • 1992 – Den lange drømmen : fortellinger fra grenseland. (Nova serien) Oslo : Magasinforlaget, 1992. (190 s.) ISBN 82-90387-29-6

Enkeltnoveller endre

Sakprosa og faglitteratur endre

1999 – «Brua, døden og virkeligheten : virtuelle lokalsamfunn i cyberspace?» (IFIM-notat; 4/99 [SINTEF særtrykk]) Trondheim : SINTEF IFIM, [1999]. (19 bl.)

Kjelder endre