Trosvik Verksted

norsk skipsverft

Trosvik Verksted A/S var eit skipsverft i Brevik, skipa av Ola Jacobsen (fødd 1881 i Larvik).

Trosvik Verksted
Trosvik STX OSV Brevik IMG 5271.JPG
Skipa1916
Bransjeskipsbygging
HovudkontorBrevik Sjå dette på Wikidata

HistorieEndra

Trosvik Verksted vart skipa av Ola Jacobsen i 1916 under namnet Trosvik Slip & Verksted. I 1918 vart verkstaden selt til eit konsortium, og gjekk så over til eit å bli eit aksjeselskap kalla Trosvik mekaniske Verksted A/S. I 1925 vart det overteke av eit familieselskap og kalla Trosvik Verksted A/S, der familien Jacobsen eigde alle aksjane og Ola Jacobsen var direktør.

Kring 1950 hadde føretaket vokse til å bli ein moderne verkstad og dekka eit område på 16 mål. Etter andre verdskrigen fekk verftet moderne utstyr og ein verkstadhall på kring 1 000 kvadratmeter. Verkstaden hadde ein bedding for bygging av skip på 2 000 daudvekttonn og ein opphalingsslipp for båtar på opp til 250 daudvekttonn.

Trosvik Verksted var det første verftet i landet som hadde elektrisk sveising i 1921. I 1941 kjøpte verkstaden eit røntgenapparat for å undersøke sveisa stålkonstruksjonar.

Kring 1950 var det kring 250 mann tilsette i bedrifta.

Etter 1983 hadde verkstaden store tap og våren 1986 gjekk det konkurs. Seinare etablerte Aker Brevik seg på det gamle verftsområdet.

Skip bygde ved Trosvik Verksted A/SEndra

I tillegg til disse skipa bygde verkstaden lekterar og spesialfartøy, som kranfartøy, oljeriggar og ferjene i ruta Brevik-Stathelle. I tillegg dreiv verkstaden reperasjonar av skip.

Annan produksjonEndra

Verftet leverte etter kvart olje- og bensintankar frå 500 liter til 10 millionar liter, gruvevogner og kjemisk apparatur i både syrefast stål, kopar og vanleg stål.

ArkivEndra

Arkivet etter Trosvik Verksted er ordnet ved Telemark Museum. Oversikten over arkivet kan studeres på arkivportalen.

KjelderEndra