MS «Tellus»

norsk motorskip
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Tellus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Trosvik Verksted i Brevik
Byggekostnad: 805 049[1]
Verftsnummer: 13
Jomfrutur: November 1925
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHOL - LFMB
Lagnad: Opphogd 1970
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 935 brt, 518 nrt
Daudvekt: 1 095 tdw.
Lengd: 192,5 fot (58,7 m)
Breidd: 30,2 fot (9,2 m)
Djupgang: 20,4 fot (6,2 m)
Installert effekt : BHK 500 NHK 137
Framdrift: Atlas dampmaskin (Atlas Diesel, Stockholm)
Fart: 10,5
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Tella»
Eigar: Sivert Bakke
Kjøpt: September 1955
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Tanja»
Eigar: A/S Tanja (O.J. Meidem)
Kjøpt: September 1956
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: MS «Ponente»
Eigar: Imprese Maritime Fratelli Frassinetti
Kjøpt: November 1956
Heimehamn: Genova
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: MS «Ponente»
Eigar: 1963-1965: Navlatirso S.p.a. di Nav.
1965-1970: Italsarda S.p.a.
Kjøpt: 1963
Lagnad: Opphogd 1970

MS «Tellus» (kallesignal LHOL - LFMB) var eit motorskip bygt i 1925 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Tellus er det latinske namnet på jorda.

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Trosvik Verksted i Brevik og kosta like over 800 000 kroner[1] då det vart levert i november 1925. [2] Då skipet vart sjøsett hadde det namnet «Mars», men namnet vart endra til «Tellus» før det vart levert til BDS. Skipet var systerskipet til MS «Uranus» og gjekk inn i godsruta mellom Oslo og Kirkenes.[3] Skipet kom til Bergen første gongen 12. november 1925.[4] Tidleg i 1930-åra byrja skipet òg å gå i ilgodsruta til Tromsø.

Natt til skjærtorsdag 16. april 1936 grunnstøytte «Tellus» ved Snertingholme fyrlykt i nærleiken av Mosjøen. Skipet hadde heile tida hatt blankt lys frå fyrlykta, medan det burde ha lyst raudt då dei var så nære land. Kapteinen meinte difor at fyrvaktaren hadde gløymt å setje inn det raude glaset i lykta. Skipet fekk fleire bulkar i botnen og ein lekkasje i ein ballasttank og ein oljetank. Skipet vart reparert i Bergen.[5]

Seinare dette året, natt til 22. desember 1936 vart båtsmannen Hans Justad frå Stamsund slått over bord av ein brottsjø i nærleiken av Landegode i Vestfjorden. Det var uvêr og ulukka vart først oppdaga eit kvarter etter Justad forsvann. Han var berre 30 år. Skipet fekk i tillegg ein del skade på dekk.[6]

I 23-tida 25. januar 1939 kolliderte «Tellus» med to skip på hamna i Måløy. Skipet var på veg sørover då det måtte vike for ein båt som kom nordover. Det var vanskelege lystilhøve frå land og «Tellus» kolliderte først med MS «Stjørnafjord» frå Kristiansund, som fekk mindre skade, og så med MS «Loyal» frå Bergen som fekk ein del skade. Fleire plater var brekt i tillegg til anna skade. Skipet var tett, men måtte til reparasjon. Skadane på «Tellus» var små.[7]

11. desember 1939 vart det greske skipet «Garaufalia» torpedert utafor Folla med malm på veg til Nederland. «Tellus» var på veg sørover då det oppdaga eit signal frå ein livbåt. I livbåten var det 25 mann, mellom anna kapteinen på skipet og to norske losar. To av mannskapet var hardt skadde og fire av dei lettare skadde. Fire mann i maskinrommet omkom. «Tellus» frakta det berga mannskapet til Namsos og dei vart alle førte til Namdal sjukehus.[8]

7. september 1940 vart «Tellus» og danske DS «Sejrø» angripen av allierte fly. «Sejrø» fekk lett skade, medan «Tellus» kom frå det utan skadar.[9]

Under eksplosjonen på Vågen i Bergen 20. april 1944 låg «Tellus» kring 100 meter frå «Vorboode», som eksploderte. Kapteinen var ikkje ombord då eksplosjonen skjedde. Jungmannen Kristoffer Olson vart skadd, men ikkje livstruande. Andrestyrmannen på skipet hadde berre vore tilsett i to dagar og sat på lugaren. Skipet låg seg hardt over på styrbord. Då andrestyrmannen kom opp på dekk var alt svart, men han såg at alle fortøyingane var rivne av. Etter å ha rådført seg med båtsmannen valde dei å ta båten bort frå kaien, sidan dei frykta fleire eksplosjonar og brannen var sterk frå Håkonshallen. Dei ankra så opp i Sandviksbukta.[10] Mot slutten av krigen låg skipet ofte i opplag på grunn av drivstoffmangel.[9] I sju månader låg skipet i Drammen før det 2. juni 1945 kom til Bergen via Oslo, fullasta med etterlengta varer som 250 tonn smør, 60 tonn brennevin til Vinmonopolet, større parti feitt og papir. Skipet gjekk så raskt inn i ruta mellom Oslo og Tromsø.[11][12]

10. oktober 1945 grunnstøytte «Tellus» nær Bodø. Skipet hadde kring 7 000 halvsekkar med mjøl. Det var fint vêr, men sterk landskugge. Ei fyrlykt som stod på eit skjer i nærleiken lyste så pass svakt at ein ikkje kunne tyde signala frå lykta. Skipet hadde los ombord, men truleg har straumen vore så pass sterk at skipet kom lenger fram enn det som var meininga før dei skulle legge om kursen mot babord. Skipet råka botnen to gonger, men vart ikkje ståande fast og glei av. Skipet vart peila og det vart oppdaga lekkasje. Lensepumpene klarte ikkje å halde skipet lens og det steig tre til seks fot i forrommet. Ein avgjorde då å setje skipet i fjøra ved Helnessund. Ved lågvatn stod praktisk talt heile skipet på land. Skipet vart fortøydd skikkeleg og det vart kalla på ein dykkarbåt som kunne kome å sjå på skadane. Fleire naglar var sprengt og skroget var bulka. Ein fekk tetta lekkasjen, lensa vatnet og losse 800 sekkar mjøl, slik at skipet kom seg av grunna att. Det gjekk så til Bodø for eiga maskin.[13] Skipet vart så frakta til Bergen for reparasjon og stod på slippen på Evje-Andersen til langt ut 11. februar 1946.[14]

I mars 1947 gjorde «Tellus» ein ekstratur til Newcastle med sild og fisk.[15]

Natt til 19. april 1947 grunnstøytte «Tellus» ved Ormøya, ei mil sør for Brønnøysund. Skipet vart lekk forut og fekk vatn i botntanken. Bergingsdamperen «Achilles» vart tilkalla for å dra skipet av grunna, før det for eigen maskin gjekk til Brønnøysund for å få tetta lekkasjen. Her måtte skipet setjast på land for å ikkje søkkje.[16] Skipet vart igjen reparert i Laksevåg i Bergen. I sjøretten vart skipet i skadelidd tilstand verdsett til 950 000 kroner. Skaden på skipet og maskineriet under arbeidet med å få skipet av grunna vart sett til 22 000 kroner, i tillegg til kostnadane ved å fjerne dei midlertidige tettingane på 2 000 kroner.[17]

Tidleg i 1950-åra sleit «Tellus» fleire gonger med motorhavari og maskinskadar. I august 1953 gjorde skipet ein ekstratur til Rotterdam med sildemjøl frå Måløy. Den siste turen i den faste ruta mellom Oslo og Tromsø vart utført seint i april 1955. «Tellus» tok så eit par turar i ruta mellom Oslo og Kirkenes i mai, før det vart lagt i opplag. I september same året vart det selt til Sivert Bakke i Bergen, som gav det namnet «Tella». Skipet gjekk i fart i Nord-Europa.

Eitt år seinare, i september 1956 tok A/S Tanja (O.J. Meidem) i Oslo over skipet og gav det namnet «Tanja», men berre to månader seinare, i november 1956 vart skipet selt til Italia. Her vart det omdøypt «Ponente». Det var først registrert i Genova, men frå 1963 var det under nye eigarar i Cagliari. I 1970 vart skipet selt til opphogging i Italia.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 935 brt, 518 nrt og lasteevna var 1 095 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 566 . Hovudmaskinen var ein 2-takts dieselmotor med fire sylindrar frå Atlas Diesel i Stockholm. Oppgjeven yting var 500 bHk (bremsande hestekrefter) og 137 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet hadde rom til seks passasjerar.[1]

I 1929 fekk skipet sett inn straumlinjeror.

I 1949 fekk skipet ny radio, i 1950 ekkolodd og i 1951 radar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «M/S Tellus». Sjøhistorie.no. Henta 24. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 50. Henta 24. juni 2020. 
  3. «Bergenskes sidste nybygging». Bergen: Bergens Tidende. 10. november 1925. s. 7. Henta 24. juni 2020. 
  4. «Bergenskes nye «Tellus»». Bergen: Bergens Tidende. 13. november 1925. s. 8. Henta 24. juni 2020. 
  5. «Manglet det røde glasset i fyrløkten?». Bergen: Bergens Tidende. 18. april 1936. s. 10. Henta 24. juni 2020. 
  6. «Båtsmannen på «Tellus» slått overbord». Bergen: Bergens Tidende. 22. desember 1936. s. 3. Henta 24. juni 2020. 
  7. «Bergenskes «Tellus» i kollisjon i Måløysundet». Bergen: Bergens Tidende. 26. januar 1939. s. 3. Henta 24. juni 2020. 
  8. «Gresk båt torpedert utenfor Folla». Bergen: Bergens Tidende. 12. desember 1939. s. 4. Henta 24. juni 2020. 
  9. 9,0 9,1 «MS «Tellus»». USA: Warsailors.com. Henta 26. juni 2020. 
  10. «Bergenskes skip «Alert», «Titan» og «Tellus» under den store eksplosjonen». Bergen: Bergens Tidende. Henta 26. juni 2020. 
  11. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 2. juni 1945. s. 3. Henta 26. juni 2020. 
  12. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 4. juni 1945. s. 2. Henta 26. juni 2020. 
  13. «Da Bergenskes «Tellus» støtte ved Steinholmen nær Bodø». Bergen: Bergens Tidende. 12. november 1945. s. 3. Henta 26. juni 2020. 
  14. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 18. desember 1945. s. 2. Henta 26. juni 2020. 
  15. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 3. mars 1947. s. 2. Henta 26. juni 2020. 
  16. «Bergenskes «Tellus» grunnstøtt ved Brønnøysund». Bergen: Bergens Tidende. 21. april 1947. s. 3. Henta 26. juni 2020. 
  17. «Skjønn over Bergenskes «Tellus»». Bergen: Bergens Tidende. 2. september 1947. s. 5. Henta 26. juni 2020.