Trude Drevland
norsk politikar
Trude Harriet Larsen Drevland (fødd 27. mai 1947) er ein norsk politikar frå Høgre, og ordførar i Bergen kommune i perioden 2011-2015. Ho var i valperioden 2003-2007 byråd for helse og omsorg i Bergen i Mæland I-byrådet.
Trude Drevland | |||
| |||
Fødd | 27. mai 1947 (77 år) Melbu | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, sjukepleiar | ||
Alle verv |
|
Drevland er utdanna sjukepleiar, men har hatt ei rekkje politiske og private stillingar. Ho sat tidlegare mellom anna i fylkesutvalet i Hordaland og har jobba som næringspolitisk leiar i Bergen Næringsråd før ho gjekk inn i byrådet i Bergen som byråd frå 2003 til 2007. Tidlegare har ho òg jobba som generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund og vore leiar ved Fyllingsdalen sjukeheim.
Drevland er elles syster til skodespelaren Lars Andreas Larssen.
Bakgrunnsstoff
endre- Drevland hjå Ambisjoner for Bergen. Arkivert 2008-04-01 ved Wayback Machine.
- Drevland si side på Høgre.no Arkivert 2012-11-02 ved Wayback Machine.