Trude Teige

norsk forfattar og journalist

Trude Teige (fødd 27. juni 1960) er ein norsk journalist, omsetjar, forfattar, programleiar og fjernsynsreporter. Teige debuterte som forfattar med boka Havet syng i 2002. Ho har og jobba som reporter i TV 2 sidan starten. Frå 2008 var Teige programleiar for debattprogrammet Tabloid på same kanal. Ho har også hatt sitt eiget intervjuprogram kalla Trude på TV 2, og jobba som politisk journalist i TV 2 si politiske avdeling.

Trude Teige

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juni 1960 (63 år)
Fosnavåg
Yrke skribent, journalist

Trude Teige voks opp på Teigane i Herøy på Sunnmøre, men bur no i Asker. Ho er utdanna fagomsetjar frå Agder distriktshøgskule (no Universitetet i Agder) i Kristiansand og journalist frå England. Ho starta den journalistiske karrieren i Bergens Tidende før ho fortsette i Dagsnytt i NRK Møre og Romsdal. Sidan starten av TV 2 i 1992 har ho jobba som reporter der og har blant anna laga dokumentaren KameratAr.

Ho har skrive to romanar om Kristiane som lever på 1800-talet. Historia er geografisk og historisk forankra i Herøy og handlar blant anna om kor vanskeleg det var å vere einsleg kvinne på den tida. I tillegg har Trude Teige skrive ei kokebok med blant anna oppskrifter frå barndommen i Herøy.

I 2008 vart Trude Teige tildelt Kringkastingsprisen[1] for nynorskbruk/dialektbruk i media.

Ho har i seinare tid skrive tre krimbøker, og boka Svik blei nominert til Bokhandlerprisen 2012.

Bibliografi endre

  • 2009 - Noen vet
  • 2002 - Havet syng
  • 2003 - Matminne frå mors kjøkken
  • 2004 - Lene seg mot vinden
  • 2009 - Noen vet
  • 2010 - En hjelpende hånd
  • 2012 - Svik
  • 2014 - Jenta som sluttet å snakke, kriminalroman
  • 2015 - Mormor danset i regnet, historisk roman
  • 2017 - Pasienten, kriminalroman
  • 2019 - Aldri tilgi, kriminalroman
  • 2020 - På åstedet, true-crime
  • 2021 - Morfar pustet med havet, historisk roman

Kjelder endre