«Try to Remember» er ein song frå den musikalske komedien The Fantasticks. Han var den første songen i showet. Teksten var skriven av Tom Jones og melodien av Harvey Schmidt.

Versjonar endre

«Try to Remember» vart opphavleg sungen av Jerry Orbach i den originale Off-Broadway-produksjonen av The Fantasticks. Songen nådde Billboard Hot 100 tre gonger i 1965 i versjonar av Ed Ames, Roger Williams, Barry McGuire, The Kingston Trio, The Sandpipers og The Brothers Four.

Patti Page gav òg ut ein versjon i 1965 på albumet hennar Hush, Hush, Sweet Charlotte.

Andy Williams gav ut sin versjon i 1966 på albumet The Shadow of Your Smile.

Perry Como gav ut sin versjon i 1968 på albumet Look to Your Heart.

Songen vart ein australsk hit for trioen New World, då kalla The New World Trio. Versjonen deira nådde 11. plassen seint i 1968.

Roy Orbison spelte inn sin versjon for albumet The Many Moods of Roy Orbison i 1969.

I 1971 fekk den nederlandske duoen Saskia & Serge ein stor hit i Nederland med signaturlåten sin «Zomer in Zeeland», som brukte same melodien som «Try to Remember».

I 1975 fekk Gladys Knight & the Pips ein stor internasjonal hit med sin versjon av «Try to Remember», og kombinerte han i ein medley med ein song av Barbra Streisand, «The Way We Were». Han nådde 11. plassen på poplista i USA.

Harry Belafonte spelte inn songen fleire gonger.

Den greske songaren Nana Mouskouri spelte inn songen på tre forskjllige språk: tysk, fransk og italiensk.

Den rumenske songaren Aura Urziceanu spelte inn ein rumenskspråkleg versjon i ein duett med Aurelian Andreescu i 1975 kalla «Septembrie».

Skodespelarinna Patricia Routledge spelte inn songen i 1975 for soloalbumet Presenting Patricia Routledge Singing the Classics.

John Barrowman spelte songen i 2003 på albumet Reflections from Broadway.

Donald Braswell II spelte songen i 2007 på albumet New Chapter.

Norsk versjon endre

Bjørn Endreson har skrive ein norsk tekst. På norsk heiter han «Gyldne september». Sangen vart spelt inn av Svenn Linn på singlen Nor-Disc NOR 104 i 1965.

I film og fjernsyn endre

«Try to Remember» vart nytta i filmen The Man Who Fell to Earth.

Sandy Duncan framførte songen i 1976 på The Muppet Show.

Jonathon Morris framførte songen i filmversjonen av The Fantasticks i 1995, og ein annan versjon vart laga av Leon Lai for Hong Kong-filmen City of Glass i 1998.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre