Tsjekhov i Moskva oblast

by i Russland

Tsjekhov (russisk Че́хов) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 75 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km sør for Moskva.

Tsjekhov
Чехов
Horisonten til Tsjekhov
Horisonten til Tsjekhov
Byåpenet til Tsjekhov
Byvåpenet til Tsjekhov


Plassering
Tsjekhov i Moskva oblast is located in Russland
Tsjekhov i Moskva oblast is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Først nemnt på
Bystatus
1700-talet
1954
Borgarmeister Vladimir Steperenkov
Geografi
Flatevidd
 - By

14 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

73 580
  5 255,7 /km²
Koordinatar 55°09′00″N 37°29′00″EKoordinatar: 55°09′00″N 37°29′00″E
Høgd over havet 170 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14230x
Retningsnummer (tlf) (+7)49672
Nettstad: www.chekhov-city.ru

Byen oppstod som ein handelsbusetnad på 1700-talet. Mellom 1920 og 1954 skifta busetnaden namn fleire gonger. Før 1920 heitte han Lopasnja (russisk Лопасня) (etter elva Lopasnja), mellom 1920 og1936 Tsjornoje Ozero (russisk Чёрное Озеро) og frå 1936-1954 igjen Lopasnja. I 1954 fekk busetnaden bystatus og det noverande namnet sitt, til ære for den russiske forfattaren Anton Tsjekhov. Femten kilometer frå Tsjekhov, i landsbyen Melikhovo, ligg eit Anton Tsjekhov-museum.

Tsjekhov jernbanestasjon

I utkanten av Tsjekhov ligg Davidov-klosteret, etter sigande det rikaste klosteret i Russland. Det inneheld mange kyrkjer frå 1600- og 1700-talet.

Nær Tsjekhov ligg krigshovudkvarteret til Russland sin generalstab, gravlagd djupt under bakken,[1] og truleg direkte knytt til Kreml via ein undergrunnsbane– Moskva Metro 2, drive av den russiske føderale tryggingstenesta (FSB).[2]

Kjelder endre

  1. Globalsecurity.org, Chekhov[daud lenkje]
  2. Google Earth community Arkivert 2008-06-12 ved Wayback Machine. Begge desse kjeldene baserer seg på det amerikanske forsvarsdepartementet sin «Soviet Military Power».

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tsjekhov