Paleosibirske språk

Paleosibirske språk er ei fellesnemning på nokre språk som vert talt av enkelte folkegrupper i det austlege Sibir. Desse språka treng ikkje vere i slekt, gruppa består rett av slett av språka som vart snakka i området før nyare språkgrupper kom inn i området, framfor alt mongolske, tungusiske, tyrkiske og slaviske språk.

Dei fleste av dei paleosibirske språka har i dag få talarar. Fleire nærskylde språk er utdøydde, og mange av dei noverande språka er kanskje på veg til å døy ut.

Dei paleosibirske språka omfattar i dag følgjande språk og språkgrupper:

  • Tsjuktsjisk-kamtsjadalsk, som tsjuktsjisk og nokre andre språk høyrer til. Tsjuktsjisk vert talt av meir enn 10 000 personar. Språket vert undervist i skular og vert brukt i tidsskrift.
  • Nivkhisk eller nivkh, giljakisk, eit isolert språk som kanskje har omkring 200 talarar.
  • Jenisej-ostjakisk, ei språkgruppe som i dag berre omfattar språket ket.
  • Jukagirsk, ei språkgruppe som nokre forskarar meiner er i slekt med uralske språk.

Kjelder endre