Tublibukta
Tublibukta (arabisk خليج توبلي) er ei bukt aust i Bahrain, mellom øya Bahrain og Sitra. Bukta ligg like sør for Manamahalvøya. Øya Nabih Saleh ligg i bukta.
Tublibukta | |||
bukt | |||
Land | Bahrain | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 26°11′06″N 50°35′38″E / 26.185°N 50.594°E | ||
Areal | 11 km² | ||
Tublibukta 26°11′06″N 50°35′38″E / 26.185°N 50.594°E | |||
Kart som viser Tublibukta.
| |||
Wikimedia Commons: Tubli Bay |
Området er kjent for eit rikt fugle- og dyreliv, og mangroveskogar langs breidda. Mangrovene trivest i avrenningsvatnet frå ferskvasskjelder etter vatnet har runne gjennom gardar langs bukta. Bukta er eit stort yngleområde for reker og fisk. Mange trekkfuglar stoppar òg her.
I dag har Tublibukta lide under ulovleg landvinning, forureining og minkande ferskvatn frå kjeldene. Landvinninga har redusert storleiken frå 25 km² i 1960-åra til berre 11 km² i dag.[1] Mangrovene som brukte å ligge langs det meste av kysten, er redusert til berre nokre små område i Ras Sanad og Ras Tubli.
I 1997 vart Tublibukta eit Ramsar-område, rekna som eit internasjonalt viktig våtmarksområde.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tubli Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Bevaring i Bahrain Arkivert 2018-09-18 ved Wayback Machine.
- Tublibukta - 'ei tapt arv', Gulf Daily News, 25. mars 2007
- Tublibukta 2010 (videorapport)