Sitra (arabisk سترة eller سِتْرَة,[1] òg: As Sitra,[2] Jazīrat Sitrah[3] og Jazīrat as Sitra[4]) er ei øy i Sentralguvernementet i Bahrain, like aust for Bahrainøya i Persiabukta. Ho ligg sør for Manama og Nabih Saleh. Vestkysten av øya dannar eine sida av Tublibukta.

Sitra
السترة, As Sitra
øy
Kvinnelege demonstrantar på Sitra.
Land  Bahrain
guvernement Sentral
Del av Bahrain
Koordinatar 26°09′14″N 50°37′09″E
Areal 22,45 km²
Folketal 40 000
Kart
Sitra
26°9′0″ N 50°37′0″ E
Wikimedia Commons: Sitra

Dei fleste av innbyggjarane på øya bur i sju historiske landsbyar: Wadyan, Al Kharijiya, Marquban, Al Garrya, Mahazza, Sufala og Abul Aish. Det finst fleire fråflytta byar i Sitra, og den viktigaste av desse er Halat Um al-Baidh. Innbyggjarane på Sitra er stort sett bahrainske sjiamuslimar, med ein større sørasiatisk minoritet.

Den sunniarabiske folkesetnaden på Sitra (inkludert Al Buainain-stamma som budde i den no folketomme landsbyen Salba, vest på Sitra[5]) forsvann tidleg i 1920-åra då dei fleste av dei døydde av kopper eller flytta attende til heimlandet sitt..[6]

Masjid al-Mughira ibn Shu'ba, den siste attverande sunni-moskeen på øya, vart nedlagd i 2011 etter at han vart vandalisert av sjiademonstrantar.[7][8]

Geografi og økonomi endre

Øya brukte å vere dekt av daddelpalmelundar og gardar, som fekk vatn frå fleire ferskvasskjelder. Hovudnæringa på øya var basert på jordbruk og fiske. Mangrover brukte å dekkje vestkysten, men desse har nesten heilt forsvunne på grunn av utbygging.

Nordsida av øya er utbygd til eit industriområde. Oljelagra til Bapco ligg sør på øya. Sitra er òg endestasjonen til den 42 km lange naturgassrøyrleidninga Dhahran-Sitra, som går til Dahran i Saudi-Arabia.[9]

Sitra-vegfyllinga knyter nordsida av øya til Nabih Saleh og Umm al Hussam (Manama) på Bahrainøya. Ei lita bru i sørvest går òg frå Sitra til Bahrainøya, nær landsbyane Ma'ameer og Eker.

Historie endre

 
Bapco Bahrain oljereservoar i Sitra
 
Kai nummer 4 på Sitra i 1940.

I 1782 oppstod det ein strid mellom lokale innbyggjarar og fleire personar frå Al Khalifa som kom frå Zubara for å kjøpe forsyningar. Det oppstod kampar som førte til at folk på begge sider vart drepne.[10]

Sitra kommune endre

 
Kart over Bahrain som syner Sitrah kommune.

Sitra var namnet på ein kommune i Bahrain før dei vart omorganiserte som guvernement. Sitra kommune bestod av øya Sitra og tre landsbyar nær øya på hovudøya Bahrain: Ma'ameer, Eker og Nuwaidrat.[11]

Sitra kommune dekte eit område som omfatta heile petroleumsproduksjonen til Bahrain. Det er òg eit eksportsenter for oljefelta nordaust i Saudi-Arabia. [12]

Kjelder endre