Tunika (latin tunica) er fleire typar kjortel- eller trøyeliknande plagg av varierande lengd frå skuldrene til ein stad mellom hoftene og anklane. Namnet kjem frå romersk tunica, eit kvardags- eller underplagg som blei brukt av både kvinner og særleg menn og var vidareutvikla frå grekarane sin khiton. Plagget blei brukt av både frie borgarar og ikkje-borgarar og av folk i byar og på landsbygda. Byborgarane pleidde likevel å bera ein toga over tunikaen, særleg ved formelle høve.

Teikning av romersk arbeidar kledd i tunika.

Tunikaen var det viktigaste plagget i den mannlege klesdrakten i den gresk-romerske kulturen. Han var laga av to stykke ufarga ull som var sydde saman på sidene og ved skuldrene. Plagget dekte overkroppen, magen og underlivet, og beina ned til knehøgd. Det var opningar for armane på kvar side øvst. Tunikaer blei gjerne brukt utan beinplagg.

Moderne tunikaer er hoftelange trøyer eller skjorter som blir brukt hengande over bukser eller kjolar, som oftast av kvinner. Tunikaer blir òg ofte brukte som strandplagg over badedrakter og bikiniar.

Galleri endre

Sjå òg endre

  • Khiton, sylinderforma underdrakt for kvinner og menn i det gamle Hellas
  • Kjortel, kjoleforma ytterplagg med ermar
  • Trøye, fleire typar ettersittande klesplagg som dekker overkroppen

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tunika