Turid Balke (fødd 25. juli 1921 i Kirkenes, daud 5. januar 2000 i Oslo) var ein norsk skodespelar, regissør, barnebokforfattar og scenograf.

Turid Balke

Fødd25. juli 1921
FødestadKirkenes
Død5. januar 2000 (78 år)
Aktive år1949–2000
Verka somskodespelar, scenograf
Figurar frå «Balkeby». Skipet er 33 cm frå baug til hekk.
Foto: Kj. Lie

Turid Balke filmdebuterte i 1953 i den norske filmen Brudebuketten. Ho var sist kjend som den plagsame naboen fru Smith i Karl & Co på TV2.

Biografi endre

Teater endre

Turid Balke scenedebuterte i 1952 og har vore tilsett ved Trøndelag Teater, Folketeatret og Chat Noir, og dessutan frilansoppdrag ved fleire scener, blant andre ved Sødra Teater i Malmø i 1959. Blant hennar tidlege teaterrollar kan ein nemna Petrea i Det lykkelige valg, Hilde i Fruen fra havet og Kvitugla i Olav Duuns Medmenneske. Ho har utover skodespelarkarrieren sin skrive og iscenesett ei rekkje stykke for barn, blant anna En modig mygg som ho blant anna sette opp på Nationaltheatret i 1972. Frå 1972 var ho saman med Pernille Anker med på å starta opp barneteaterverksemda ved Scene 7, og dei to starta i 1975 frilansgruppa Filiokusteatret, der Balke var ei drivande kraft fram til 1982.

Film og TV endre

Turid Balke har òg gjort seg merka i fleire barnefilmar, blant anna i Ivo Caprinos Ugler i mosen frå 1959 og dei to Kamilla og tyven-filmane.

I 1963, 1964 og 1965 var ho programleiar for nokre av NRK TV sine barneprogram i serien I kosekroken; der framstod ho som Trollmor med ulike huslege syslar som å koka soppbrygg og stoppe sokkane til trollet Storfot.[1][2][3][4]

Ho har utover det hatt biroller i ei rekkje norske filmkomediar slik som Lån meg din kone (1958), Sønner av Norge (1961), Alle tiders kupp (1964) og Noe helt annet (1985). Ho hadde òg ei lita birolle i den amerikanske action-eventyr-filmen Den 13. krigeren frå 1999.

Biletkunstnar, forfattar og skapar av «Balkeby» endre

Turid Balke hadde òg utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole og både måla og laga fargerike treleiker, som gnavbrikker, små hus og figurar i det ho kalla «Balkeby», inspirert av Kirkenes frå barndommmen hennar.[5]

Ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris for tegningene i Det begynte en fredag i Finvik.


Turid Balke var oldebarn av målaren Peder Balke.

Filmroller (utval) endre

  • 1953 – Brudebuketten
  • 1958 – Lån meg din kone
  • 1959 – Støv på hjernen
  • 1959 – Ugler i mosen
  • 1961 – Sønner av Norge
  • 1962 – Sønner av Norge kjøper bil
  • 1963 – Stompa Selvfølgelig
  • 1976 – Olsenbanden for full musikk
  • 1988 – Kamilla og tyven
  • 1989 – Kamilla og tyven II
  • 1989 – Tidlös kärlek
  • 1999 – Den 13. krigeren

TV-roller endre

  • 1975 – Benoni og Rosa (mini-serie)
  • 1982 – Brødrene Dal og spektralsteinene (TV-serie)
  • 1984 – Lykkeland (mini-serie)
  • 1989 – Marerittet (mini-serie)
  • 1998-99 – Karl & Co (TV-serie)
  • 1994 – Birolle som «damen i nr.14» i Mot i brøstet (TV-serie)

Barnebøker endre

  • 1974: Det begynte en fredag i Finvik
  • 1980: En modig mygg: et myggestikkstykke – oppført på Nationaltheatrets amfiscene 1971
  • 1997: Hilsen fra Dirut

Kjelder endre

  1. «I kosekroken med Turid Balke» (på norsk bokmål). 2. august 1963. Henta 23. november 2020 – via nrk.no. 
  2. «I kosekroken med Turid Balke» (på norsk bokmål). 28. februar 1964. Henta 23. november 2020 – via nrk.no. 
  3. «I kosekroken med Turid Balke» (på norsk bokmål). 18. september 1964. Henta 23. november 2020 – via nrk.no. 
  4. «I kosekroken med Turid Balke» (på norsk bokmål). 23. september 1965. Henta 23. november 2020 – via nrk.no. 
  5. Enger, Ruth Krefting (1993) «Turid Balke med pågangsmot og humør: En tusenkunstner med egen Balkeby». Aftenposten Morgen, 28.05.1993, s. 38

Bakgrunnsstoff endre