Turn! Turn! Turn!

Turn! Turn! Turn!
singel av The Byrds
frå albumet Turn! Turn! Turn!
B-side

«She Don't Care About Time»

Språk engelsk
Utgjeve 29. oktober 1965
Innspelt September 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Folkrock
Lengd 3:49
Selskap Columbia
Komponist Pete Seeger
Tekstforfattar Pete Seeger, DP, Fondo Nacional de las Artes
Låtskrivar(ar) Forkynnaren, Pete Seeger
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
«All I Really Want to Do»
(1965)
Turn! Turn! Turn! «Set You Free This Time»
(1966)


«Turn! Turn! Turn! (to Everything There Is a Season)», ofte forkorta til «Turn! Turn! Turn!» er ein song som er henta frå Forkynnaren i Bibelen (med unntak av den siste linja) og sett til musikk av Pete Seeger i 1959. Seeger venta til 1962 før han spelte inn si eiga utgåve av songen, og gav han ut på The Bitter and the SweetColumbia Records.[1] 45% av alle honorara for songen er donerte til Israeli Committee Against House Demolitions, fordi som Seeger sa: «(i tillegg til musikken) skreiv eg seks ord».[2] Songen vart ein internasjonal hit seint i 1965 då han vart spelt inn av The Byrds. Deira utgåve nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia.

Teksten og tittelen endre

Teksten er henta nesten ordrett frå Forkynnaren, slik ein finn han i Kong Jakob-bibelen frå 1611[3], sjølv om ordrekkefølgja er endra for songen. Forkynnaren vert tradisjonelt tilskriven kong Salomon.

«
  1. To every thing there is a season and a time to every purpose under the heaven:
  2. A time to be born and a time to die; a time to plant, a time to reap that which is planted;
  3. A time to kill and a time to heal; a time to break down and a time to build up;
  4. A time to weep and a time to laugh; a time to mourn and a time to dance;
  5. A time to cast away stones and a time to gather stones together; a time to embrace and a time to refrain from embracing;
  6. A time to get and a time to lose; a time to keep and a time to cast away;
  7. A time to rend and a time to sew; a time to keep silence and a time to speak;
  8. A time to love and a time to hate; a time of war and a time of peace.
»

Den bibelske teksten fastslår at det er ein tid og stad for alt: latter og sorg, læking og drap, krig og fred osv. Linjene er opne for mangfaldige tolkingar, men i songen får dei som regel tydinga om ei bøn om verdsfred, med vekt på den siste linja: «a time for peace, I swear it's not too late.» Denne linja og tittelen «Turn! Turn! Turn!» er dei einaste som Seeger skreiv sjølv.[1]

Andre utgåver endre

Tidlege viseutgåver endre

Songen vart først gjeven ut av visegruppa The Limeliters på albumet deira Folk Matinee i 1962, då med tittelen «To Everything There Is a Season».[1][4] The Limeliters gav ut si utgåve fleire månader før Seeger si eiga utgåve kom ut. Ein av medlemmene i The Limeliter var Jim McGuinn (òg kjend som Roger McGuinn), som seinare arbeidde med visesongaren Judy Collins. For henne omarrangerte han songen for albumet Judy Collins 3 i 1963.[1] Collins si utgåve vart kalla «Turn! Turn! Turn! (To Everything There Is a Season)», den same tittelen som bandet til McGuinn, The Byrds, seinare nytta når dei spelte songen i 1965.

The Byrds-utgåva endre

«Turn! Turn! Turn!» var den tredje singelen av The Byrds og kom ut 1. oktober 1965 på Columbia Records.[5] Songen kom òg ut på albumet Turn! Turn! Turn!, som kom 6. desember same året.[5] The Byrds-utgåva er den mest suksessrike versjonen av songen, og singelen nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia..[6][7] Teksten til The Byrds-utgåva er den eldste teksten som nokon gong har hamna på førsteplassen i USA.[8]

Nesten tre tiår etter songen kom ut, hadde han ei viktig rolle i filmen Forrest Gump frå 1994.[9]

Andre sine utgåver endre

Songen er òg spelt av ei rekkje andre artistar:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Turn! Turn! Turn! - Byrds Version». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  2. Hasson, Nir (8. november 2009). «Pete Seeger's role in ending Israeli house demolitions». Haaretz. Henta 17. oktober 2010. 
  3. «King Solomon's Writings». United Church of God: An International Association. Henta 17. oktober 2010. 
  4. «Folk Matinee review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  5. 5,0 5,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 543–545. ISBN 0-95295-401-X. 
  6. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  7. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  8. «Fun Facts». Music Madness. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 17. oktober 2010. 
  9. «Forrest Gump Soundtrack». Internet Movie Database. Henta 17. oktober 2010.