Fred

(Omdirigert frå Verdsfred)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå romanen Fred.

Fred (norrønt friðr) er ei nemning brukt om ein harmonisk tilstand utan konflikt. Det kan dreia seg om fråvære av ytre konfliktar, som krig eller krangel, eller at ein har oppnådd ro eller likevekt i sinnet. Omgrepet kan visa til ein uoppnåeleg utopi der alle medlemmene i eit samfunn lever i harmoni. Det kan òg brukast meir kvardagsleg om stiller utan plagsam støy eller uro.

Ein augneblink kan vera fredeleg, men fred kan også sjåast på som ein utopi.

Definisjonar endre

 
Fred og samarbeid mellom USA og Storbritannia mot slutten av 1800-talet. Dei to statane hadde vore i krig ved byrjinga av hundreåret.

Positiv og negativ fred (Johan Galtung) endre

Innan fredsforsking definerer ein gjerne fred som «positiv» og «negativ».

«Negativ fred» er definert som fråvære av krig og direkte vald mot menneske, og tek hovudsakleg for seg statseiningar. I denne tradisjonelle tankegangen reknar ein med at alle sosiale einingar i botnen byggjer på vald, der den sterkaste parten alltid vil kua den som er svakare for å halda freden ved like eller for å oppnå fordelar. Statar unngår krig gjennom alliansebygging og traktatar som opprettheld maktbalansen og avskrekkar andre statar. I denne tenkinga er fred sett på som noko nær ein unaturleg tilstand, ein slutt på ein krig (t.d. Freden i Amiens, Freden i 1945) eller berre ein pause mellom krigshandlingar.

«Positiv fred» er eit nyare omgrep som er mindre statsorientert og meir interessert i samfunnsstrukturen. Omgrepet peiker på at også når ein ikkje er i krig blir menneske drepne og skada (fysisk eller psykisk) på grunn av mistilhøve i samfunnet, som institusjonell vald, rasisme, utnytting eller fråvære av like moglegheiter (til dømes mellom ulike kjønn eller samfunnsgrupper). Ein vil først oppnå positiv fred om ein avskaffar slike mistilhøve og oppnår eit samfunn med fridom, likskap, integrasjon og liknande, slik at alle medlemmer kan leva eit fullverdig liv. Ei slik fred må skapast gjennom ein stadig prosess som legg vekt på forhandling, forsoning og vennleg framferd. Definisjonar av denne typen er blitt meir utbreidd i nyare fredsforsking, medan «negativ fred» er blitt mindre vanleg.

Mange fredar (Wolfgang Dietrich) endre

Den austerrikske fredsforskaren Wolfgang Dietrich har lenge vore ein forkjempar for ein pluralistisk definisjon av ordet fred, og for heller enn ein fred å snakke om mange fredar. I forskingsprosjektet som leidde til boka The Palgrave international handbook of peace studies (2011) fekk han samla inn ulike tydingar av fred frå fleire språk og regionar, og i boka Interpretations of Peace in History and Culture (2012) grupperer han innsiktene frå det førre prosjektet i fem fredsfamiliar: Energetisk fred eller fred av harmoni, moralsk fred eller fred av rettferd, moderne fred eller fred av tryggleik, postmoderne fred eller fred av sanning, og transrasjonal fred, ei samanstilling av dei positive aspekta ved dei fire føregåande fredsfamiliane.

Fredsarbeid endre

Ei rekke fredsrørsler har prøvd å oppnå ulike former for fred gjennom tidene. Mange av dei har arbeidd mot éin spesiell krig, men verdsfred har også vore eit viktig mål. Slike grupper kan arbeida gjennom demonstrasjonar, boikott, lobbyverksemd og støtte til pasifisme, ikkje-vald og lovar som avgrensar vald og våpenbruk.

Nokre personar som har arbeidd for fred og fredelege løysingar er Mahatma Gandhi, Martin Luther King og Bertha von Suttner, som truleg inspirerte Alfred Nobel til å oppretta Nobels fredspris.

Dei sameinte nasjonane og Folkeforbundet er internasjonale institusjonar som har eller hadde som mål å skapa dialog mellom ulike statar for å oppnå fred.

I Noreg finn ein mange fredsorganisasjonar under paraplyen til Norges Fredsråd.

Fredssymbol endre

Kjelder endre

  • Robin J. Crews «Peace» The Oxford Companion to American Military History. John Whiteclay Chambers II, ed., Oxford University Press 1999. Oxford Reference Online. Oxford University Press.
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.