Opna hovudmenyen
Turnstiles
Studioalbum av Billy Joel
Utgjeve 19. mai 1976
Innspelt Ultrasonic Recording Studios, Hempstead, NY; januar 1976
Sjanger Poprock, softrock
Lengd 34:18
Selskap Family Productions/Columbia
Produsent Billy Joel
Billy Joel-kronologi
Streetlife Serenade
(1974)
Turnstiles The Stranger
(1977)
Singlar frå Turnstiles
  1. «Say Goodbye to Hollywood»
    Utgjeve: 1976
  2. «James»
    Utgjeve: 1976

Turnstiles er det fjerde studioalbumet av den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeven ut 19. mai 1976. Joel spelte inn albumet dels som ei feiring av at han var flytta heim att til New York City etter ein periode i California. Tre av albuma refererer til New York: «Summer, Highland Falls», «New York State of Mind» og «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)». Albumet byrjar med «Say Goodbye to Hollywood» (inspirert av The Ronettes-songen «Be My Baby») og inneheld òg «I've Loved These Days», eit underfundig uttrykk for anger etter å ha reist frå dekadansen i Hollywood.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]
Robert ChristgauC+ [2]

Songane vart opphavleg spelt inn ved Caribou Ranch med medlemmar frå bandet til Elton John og produsert av Chicago-produsenten James William Guercio. Joel var misnøgd med resultatet og sparka Guercio. Han tok så over produsentrolla sjølv og reiste attende til New York, der han spelte inn albumet på ny. Joel brukte då sitt eige turnéband, som bestod av Long Island-musikarane Richie Cannata og alle fire medlemmar av bandet Topper: Liberty DeVitto, Russell Javors, Howie Emerson og Doug Stegmeyer. Turnstiles var den første gongen bandet til Joel spelte med han i studio.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Billy Joel

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Say Goodbye to Hollywood»   4:36
2. «Summer, Highland Falls»   3:15
3. «All You Wanna Do Is Dance»   3:40
4. «New York State of Mind»   5:58
5. «James»   3:53
6. «Prelude/Angry Young Man»   5:17
7. «I've Loved These Days»   4:31
8. «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)»   5:12

På CD-utgåva frå 1998 vart orignalversjonen av «New York State of Mind» med Richie Cannata på saksofon erstatta av versjonen med Phil Woods på det instrumentet, som var med på Greatest Hits Volume 1 & 2 i 1985.

MedverkandeEndra

ListerEndra

Liste (1976) Plassering
Australian Kent Music Report Chart[3] 12
U.S. Billboard 200 [4] 122
Liste (2004) Plassering
Japan[5] 286

KjelderEndra

  1. TurnstilesAllmusic
  2. «CG: billy joel». Robert Christgau. Henta 28. august 2014. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. «allmusic ((( Turnstiles> Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 3. oktober 2011. 
  5. ビリー・ジョエル-リリース-ORICON STYLE-ミュージック «Highest position and charting weeks of Turnstiles by Billy Joel» Check |url= value (hjelp). oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 31. oktober 2011.