Doug Stegmeyer
Douglas Alan «Doug» Stegmeyer (23. desember 1951–25. august 1995) var ein amerikansk musikar som er mest kjend som bassist og korvokalist for Billy Joel.
Doug Stegmeyer | |||
Fødd | 23. desember 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Flushing i New York | ||
Død | 25. august 1995 (43 år) | ||
Dødsstad | Smithtown | ||
Fødenamn | Douglas Alan Stegmeyer | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1966–1995 | ||
Sjanger | Rock, pop | ||
Instrument | Bass, vokal | ||
Plateselskap | Columbia | ||
Verka som | Musikar, produsent |
Karriere
endreDoug Stegmeyer møtte Russell Javors på skulen og 15 år gammal spelde dei songar med barndomsvenen Liberty DeVitto. Dei slo seg saman med Howard Emerson og danna bandet Topper.
I lag spelte dei songar som Javors skreiv. Billy Joel la merke til Topper og då Joel trengde ein bassist for Streetlife Serenade-turneen, vart Stegmeyer henta inn i bandet til Joel. Stegmeyer tilrådde Joel til å hente inn Emerson,[1] Javors og DeVitto for albumet Turnstiles og den påfølgjande turneen. Stegmeyer vart ein del av kjernen i bandet til Billy Joel, og spelte bass på alle studioalbuma frå Turnstiles til The Bridge og konsertalbuma Songs in the Attic og КОНЦЕРТ. I denne perioden vart Stegmeyer kalla «Sersjanten i The Billy Joel Band."[2]
Stegmeyer spelte òg bass for Debbie Gibson og Hall & Oates.
Stegmeyer døydde 25. august 1995 i heimen sin på Long Island då han skaut seg sjølv.[3][4]
Diskografi
endreAlle albuma er med Billy Joel.
- 1976 Turnstiles
- 1977 The Stranger
- 1978 52nd Street
- 1980 Glass Houses
- 1981 Songs in the Attic
- 1982 The Nylon Curtain
- 1983 An Innocent Man
- 1985 Greatest Hits Volume I & II
- 1986 The Bridge
- 1987 КОНЦЕРТ
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Doug Stegmeyer» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ piano-man.de - Archiv: «...but hey, you have to start somewhere, right?» (interview with Howie Emerson) @piano-man.de Henta 28. august 2014.
- ↑ Long Island Music Hall of Fame[daud lenkje]
- ↑ «Ex-band Leader For Billy Joel Found Dead». Spokesman-Review. 27 August 1995. Henta 28. august 2014.
- ↑ Baltimore Sun Obit, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 28. august 2014