Streetlife Serenade
Streetlife Serenade Studioalbum av Billy Joel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. oktober 1974 | |
Innspelt | Våren og sommaren 1974, Devonshire Sound, North Hollywood, CA | |
Sjanger | Rock, poprock | |
Lengd | 37:41 | |
Selskap | Family Productions/Columbia | |
Produsent | Michael Stewart | |
Billy Joel-kronologi | ||
---|---|---|
Piano Man (1973) |
Streetlife Serenade | Turnstiles (1976) |
Singlar frå Streetlife Serenade | ||
|
Streetlife Serenade er det tredje studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel (det andre på Columbia Records), gjeve ut 11. oktober 1974.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (C) [2] |
Rolling Stone | Negativ [3] |
Streetlife Serenade var oppfølgjaren til Piano Man frå 1972, men vart ikkje like populært og var starten på eit heller kjølig forhold mellom Joel, musikkjournalistar og musikkindustrien meir generelt. I «The Entertainer» hånar Joel på grettent vis underhaldningsindustrien og er bitter for at plateselskapet hans tidlegare hadde endra singelversjonen av «Piano Man» slik at han kunne spelast på radio: «It was a beautiful song but it ran too long./If you're gonna have a hit, you gotta make it fit./So they cut it down to 3:05.»
«The Entertainer» nådde 34. plassen på den amerikanske singellista. Sjølve albumet nådde 35. plassen på listene og selde etter kvart meir enn éin million eksemplar.
Albumet inneheld to songar som vart spelt mykje på konsertane til Joel i 1970-åra: den instrumentale «Root Beer Rag» og den korte «Souvenir», som Joel ofte spelte som det siste ekstranummeret i denne perioden.
To andre, «Streetlife Serenader» og «Los Angelenos» vart begge gjevne ut på det første konsertalbumet til Joel, Songs in the Attic (1981).
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Billy Joel.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Streetlife Serenader» | 5:19 |
2. | «Los Angelenos» | 3:41 |
3. | «The Great Suburban Showdown» | 3:44 |
4. | «Root Beer Rag (Instrumental)» | 2:59 |
5. | «Roberta» | 4:32 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Entertainer» | 3:48 |
7. | «Last of the Big Time Spenders» | 4:34 |
8. | «Weekend Song» | 3:29 |
9. | «Souvenir» | 2:00 |
10. | «The Mexican Connection (Instrumental)» | 3:37 |
Medverkande
endre- Billy Joel – munnspel, klaverinstrument, Vokal, Moog synthesizer
- Richard Bennett – gitar
- Joe Clayton – dirigent, conga
- Gary Dalton – gitar
- Mike Deasey – gitar
- Don Evans – gitar
- Wilton Felder – bass, klaverinstrument
- Emory Gordy, Jr. – bass
- Al Hertzberg – gitar
- Larry Knechtel – bass
- Art Munson – gitar
- Raj Rathor – gitar
- William Smith – orgel
- Michael Stewart– gitar
- Ron Tutt – trommer
- Tom Whitehorse – banjo, pedalsteel
Produksjon
endre- Produsent: Michael Stewart
- Lydteknikar: Ron Malo
- Digital remastering: Joseph M. Palmaccio. Erroneously credited to Ted Jensen
- Arrangørar: Michael Stewart, Billy Joel
Lister
endreListe | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report Chart[4] | 85 |
Canadian RPM Albums Chart[5] | 16 |
U.S. Billboard 200 [6] | 35 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Streetlife Serenade» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Streetlife Serenade på Allmusic
- ↑ «Billy Joel: Streetlife Serenade > Consumer Guide Album». Robert Christgau. Henta 28. august 2014.
- ↑ Holden, Stephen (December 5, 1974). «Billy Joel Streetlife Serenade > Album Review». Rolling Stone (175). Arkivert frå originalen den 3. mai 2008. Henta 28. august 2014.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 22, No. 22, January 25 1975». RPM. 8. april 1978. Henta 8. september 2013.
- ↑ «allmusic ((( Streetlife Serenade > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 19. mars 2011.