Tusenøyane
Tusenøyane er ei øygruppe som utgjer ein del av Svalbard. Øygruppa ligg sør for Edgeøya og består av mange mindre øyar og derfor namnet.
Tusenøyane inkluderer Teisten, Vindholmen, Håøyane, Utsira, Kong Ludvigøyane og fleire.
Øyane har liggeplass for kvalross med opptil fleire hundre dyr på kvar stad. Tusenøyane er òg det viktigaste hekkeområdet for ringgås på Svalbard.[1]
Tusenøyane er ein del av Søraust-Svalbard naturreservat.