Tussa kraftverk

vannkraftverk i Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke, Noreg

62°6′31.75″N 6°33′33.7″E / 62.1088194°N 6.559361°E / 62.1088194; 6.559361

Tussa kraftverk
Foto: PeltonMan

Tussa kraftverk er eit vasskraftverk på Bjørke i Hjørundfjorden i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket utnyttar eit fall på 637 meter mellom Tussevatn og sjøen. Det vert også samla inn vatn frå fleire bekkeinntak.

Tussevatn vert regulert mellom 656 og 611 moh.

Midlare årsproduksjon er på 260 GWh og installert effekt er på 60 MW. Kraftverket vart sett i drift i 1961. Andre byggjesteg, det såkalla "Takrenneprosjektet", tok til i 1962 og var ferdig i 1966. Dette består av eit tunnelsystem på i alt 14,7 km som leier vatnet frå ei rekkje vassdrag på Nordfjordsida over til Tussavatn.

Tredje byggjesteget, overføring av nedslagsfeltet til Kårdøla, tok til i 1982 og var ferdig i desember 1983. Kraftverket vart modernisert i 1995.

Eigar er Tussa Energi AS

Kjelder endre