Tuvesildre er ei plante i sildrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og kjertelhåra. Ho veks i tuver med kortskafta lysgrøne blad med tre eller fem framrette flikar. Stenglane er fåblomstra. Blomstrane har kvite eller gulkvite kronblad som er dobbelt så lange som begerblada. Tuvesildre blømer kring juli månad på berg og knausar til fjells. Ho finst i alle fjelltrakter i Noreg. Planta veks også ned i låglandet, og er funnen opp til 2280 m på Galdhøpiggen.

Tuvesildre
Tuvesildre
Tuvesildre
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sildreordenen Saxifragales
Familie: Sildrefamilien Saxifragaceae
Slekt: Sildreslekta Saxifraga
Art: Tuvesildre S. cespitosa
Vitskapleg namn
Saxifraga cespitosa

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

endre