Tuzsjøen (tyrkisk Tuz Gölü, tyder «saltsjøen») er den nest største innsjøen i Tyrkia med eit areal på 1 665 km² og ein av dei største hypersalte innsjøane i verda.[1] Han ligg i regionen Sentral-Anatolia, 105 km nordaust for Konya, 150 km sør-søraust for Ankara og 57 km nordvest for Aksaray.

Tuzsjøen
innsjø
Utsyn frå verdsrommet (April 1994)
Land  Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Tilsig Peçenek Çayı, Melendiz Çayı
Utløp ingen
Nedslagsfelt 11 900 km²
By Şereflikoçhisar
Koordinatar 38°50′N 33°20′E / 38.833°N 33.333°E / 38.833; 33.333
Lengd 80 km
Høgd 905 m
Areal 1 600 km²
Innsjøtype endorheisk, hypersaltsjø
Kart
Tuzsjøen
38°50′00″N 33°20′00″E / 38.833333333333°N 33.333333333333°E / 38.833333333333; 33.333333333333
Wikimedia Commons: Lake Tuz

Geografi endre

 
Saltdekte breidder langs Tuzsjøen.

Innsjøen ligg i eit tektonisk søkk på det sentrale platået i Tyrkia og får vasstilførsel frå to større elvar, grunnvatn og avrenningsvatn, men har ikkje eit eige utløp. Brakkvassmyrer har oppstått der kanalar og elvar renn ut i innsjøen. Ein finn åkerland kring innsjøen, utanom i sør og sørvest der ein finn vidstrekte saltstepper, som til somme tider av året vert underlagt vatn.

Det meste av året er innsjøen særs grunn, kring 0,4 meter i snitt. Om vinteren løyser saltet seg opp i ferskvatn som vert tilført innsjøen via nedbør eller avrenning (32,9% salinitet). Om sommaren tørar innsjøen inn og etter let seg eit 30 cm tjukt saltlag i august. På denne tida av året vert det henta ut salt frå innsjøen. Tre gruver oprerer ved innsjøen og desse produserer kring 60 % av alt saltet som vert konsumert i Tyrkia.

I 2001 vart Tuzsjøen erklært eit verneområde, inkludert heile vassoverflata og dei omliggande breiddene og somme viktige steppeområde. Ein finn den største hekkande kolonien i Tyrkia av storflamingoen ved innsjøen. Andre fuglar som hekkar her er tundragås og raudfalk.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Mustafa Yildiz, Ali Sinan Soganci (2010). «Evaluation of geotechnical properties of the salt layers on the Lake Tuz» (PDF). Academic Journals. s. 2656–2663. ISSN 1992-2248.