Twice as Much

Twice as Much var ein britisk duo som bestod av Dave Skinner (fødd David Ferguson Skinner, 4. juli 1946) og Andrew Rose (fødd Andrew Colin Campbell Rose, 12. mars 1946, Edgware i Middlesex). Dei var harmonisongarar som skreiv mykje av sine eigne songar.[1]

Twice as Much
OpphavLondon i England
Aktiv1966–1968
SjangerPop, psykedelisk pop
Tilknytte artistarVashti Bunyan
PlateselskapImmediate Records

Den einaste suksessen deira var ein versjon av Mick Jagger/Keith Richards-songen «Sittin' on a Fence» (1966).[2] The Rolling Stones-versjonen av songen kom ikkje ut på eit Stones-album i USA før i 1967 og ikkje i Storbritannia før i 1969, sjølv om han vart spelt inn i desember 1965.

I 1972 vart Skinner medlem av Uncle Dog, ei gruppe med vokalisten Carol Grimes. Han skreiv dei fleste songane på albumet deira Old Hat. Han var òg medlem av Clancy. I 1977-1978 turnerte Skinner som klaverspelar med Roxy Music. Han bidrog òg på plater med Phil Manzanera og Bryan Ferry.[3]

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

SinglarEndra

  • «Sittin' on a Fence» nådde 25. plassen på UK Top40 i juni 1966 (1966, Immediate Records, IM 033)
  • «Step Out of Line», (1966, Immediate Records, IM 036)
  • «True Story», (1966, Immediate Records, IM 039)
  • «Is This What I Get for Loving You, Baby?», (1966, Immediate Records, IM23 724)
  • «Crystal Ball», (1967, Immediate Records, IMI 504)

KjelderEndra

  1. «Biography by Richie Unterberger». Allmusic.com. Henta 18. juli 2021. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 570. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. [1] Arkivert 3. februar 2008 ved Wayback Machine.

BakgrunnsstoffEndra