Koordinatar: 61°12′6″N 8°13′44″E

Tyinkrysset
Tyinkrysset
Tyinkrysset
Foto: Tore Urnes
Plassering

Tyinkrysset
61°12′8″ N 8°14′40″ E

Tyinkrysset er ei grend som ligg ca. 900 moh., øvst i Valdres, i Vang kommune i Innlandet fylke. Ved Tyinkrysset ligg Tyinkrysset Fjellstue og i området rundt er det eit stort tal hytter.

Frå Tyinkrysset går E16 mot Lærdal og Rv53 mot Årdal. Tyinkrysset er stoppestad for bussane som går mellom Oslo og Årdal/Lærdal.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.