Tyskland i Eurovision Song Contest 2010
Unser Star für Oslo (USfO) var den tyske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2010. Konkurransen vart halden i Tyskland og fann stad i februar og mars 2010. Lena Meyer-Landrut vann konkurransen med den engelske songen «Satellite». Ho representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2010 i Oslo, der ho kom på 1. plass. Dette var andre gong Tyskland vann Eurovision Song Contest og fyrste gong dei vann etter at Vest-Tyskland og Aust-Tyskland blei gjennforent.