Satellite
«Satellite» Singel av Lena Meyer-Landrut frå albumet My Cassette Player | ||
B-side | ||
---|---|---|
Land | Tyskland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 13. mars 2010 | |
Lengd | 2:54 | |
Låtskrivar(ar) | Julie Frost og John Gordon | |
Produsent | Brix, Ingo Politz, Bernd Wendlandt og John Gordon | |
Lena Meyer-Landrut-kronologi | ||
«Satellite» | «Touch a New Day» (2010) |
«Satellite» var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg, framført på engelsk av Lena. Songen er skriven Julie Frost og John Gordon.
Eurovision Song Contest 2010Endra
«Satellite» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Fil:Lena Meyer-Landrut, Tyskland (2).jpg | |||||
Eurovision Song Contest 2010 | |||||
Land | Tyskland | ||||
Artist(ar) | Lena Meyer-Landrut | ||||
Alias | Lena | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Julie Frost og John Gordon | ||||
Låtskrivar(ar) | Julie Frost | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | X | ||||
Semifinaleplass | X | ||||
Finalepoeng | 246 | ||||
Finaleplass | 1 | ||||
Tyskland i Eurovision Song Contest | |||||
|
Sidan Tyskland er direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest trong ikkje songen å delta i éin av dei to semifinalane.
FinalenEndra
Songen starta som nummer 22, etter Armenia med «Apricot Stone» av Eva Rivas og før Portugal med «Há dias assim» av Filipa Azevedo. Framføringa skilde seg ut av di Lena ikkje hadde noko sprakande danseshow eller sceneeffektar. Ho framførte songen i ein enkel, svart kjole med fire støttevokalistar. Rytmen i songen var òg litt uvanleg for Eurovision. Tyskland fekk til saman 246 poeng og vann av totalt 25 bidrag. Songen vann over det tyrkiske bidraget med ein margin på 76 poeng, den til då nest høgaste og no tredje høgaste marginen i historia. Det var den andre sigeren til Tyskland, men den fyrste etter at Vest-Tyskland og Aust-Tyskland vart sameint på nytt. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 243 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 187 poeng og vunne.
12 poeng | 10 poeng | 8 poeng | 7 poeng | 6 poeng |
---|---|---|---|---|
Spania |
||||
5 poeng | 4 poeng | 3 poeng | 2 poeng | 1 poeng |
Eurovision Song Contest 2011Endra
Under opninga av finalen i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland framførte programleiar Stefan Raab ein ny versjon av «Satellite», dels til saman med Lena.
Eurovision Song Contest 2012Endra
I pausen under den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan framførte Lena ein del av «Satellite».
KjelderEndra
- Denne artikkelen byggjer på «Satellite» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2011.
Mal:Songar i Unser Star für Oslo Mal:Tyske songar i Eurovision Song Contest