Lena Meyer-Landrut
Lena Meyer-Landrut, kjend som Lena, (fødd 23. mai 1991 i Hannover) er ein tysk songar. I mai 2010 gav ho ut debut-cd-en My Cassette Player som selde svært godt i Tyskland.
Lena Meyer-Landrut | |
![]() | |
Fødd | 23. mai 1991 |
---|---|
Fødestad | Hannover i Tyskland |
Fødenamn | Lena Meyer-Landrut |
Alias | Lena |
Opphav | Tyskland |
Aktiv | 2010– |
Sjanger | pop, indiemusikk, indiepop |
Instrument | piano, vokal |
Stemmetype | mezzosopran |
Plateselskap | Universal Music Group |
Verka som | stemmeskodespelar, songar, komponist, skodespelar, pianist, modell, fjernsynsskodespelar, musikar, plateartist |
Sambuar med | Mark Forster |
Prisar | Echo Pop for beste kvinnelige popartist, Echo Pop for årets tyske videoklipp |
Eurovision Song Contest 2010 Endra
Lena Meyer-Landrut vann Unser Star für Oslo og fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2010, der ho kom på 1. plass. Vinnarsongen hennar, «Satellite», skilde seg ut fordi Meyer-Landrut ikkje hadde noko sprakande danseshow eller sceneeffektar. Ho framførte songen i ein enkel, svart kjole med fire bakgrunnssongarar. Rytmen i songen var også litt uvanleg for Eurovision.
Sommaren 2010 var ho med i det norske fjernsynsprogrammet Allsang på grensen der ho song vinnarlåten frå Eurovision Song Contest 2010, «Satellite».
Eurovision Song Contest 2011 Endra
Seinare i 2010 var Meyer-Landrut med i programmet Unser Song für Deutschland der det tyske folket skulle velja kva for song ho skulle syngje då ho skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2011. Den nasjonale tyske uttakinga bestod altså utelukkande av ulke bidrag framført av Lena.
Vinnarbidraget vart songen «Taken By A Stranger», som ho representerte Tyskland med på nytt i Eurovision Song Contest 2011. Bidraget enda på ein 10. plass. I tillegg til å deltake song ho «Satellite» som opningsnummer saman Stefan Raab og delte ut vinnartrofeet til Ell & Nikki.
Eurovision Song Contest 2012 Endra
Som pausenummer i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2012 framførte ho fyrst «Satellite» åleine og sidan «Waterloo», opphavleg framført av ABBA, saman med fire tidlegare vinnarar, Marija Šerifović, Dima Bilan, Alexander Rybak og Ell & Nikki.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Lena Meyer-Landrut» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2012.
- Denne artikkelen er basert på artikkelen Eurovision Song Contest 2012 frå Nynorsk Wikipedia .