Tzohar
(Omdirigert frå Tzochar)
Tzohar (hebraisk skrift צֹחַר) er ein fellesbusetnad og regionssenter sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 487 innbyggjarar.
Tzohar | |||
צֹחַר, צוחר, Tzochar | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | 31°14′8.16″N 34°25′34.67″E / 31.2356000°N 34.4262972°E | ||
Folketal | 487 (2006) | ||
Grunnlagd | 1970 | ||
Tzohar 31°14′08″N 34°25′35″E / 31.2356°N 34.426297222222°E | |||
Kart som viser Tzohar.
| |||
Wikimedia Commons: Tzohar |
Busetnaden vart grunnlagd i 1970 som eit regionssenter for landsbyane i Hevel Eshkol. Han vart kalla opp etter ein son av Simon, nemnt i Første Mosebok 46:10[1] - medan nabolandsbyen Ohad vart kalla opp etter broren, som er nemnt i same verset. I 1990-åra tok han i mot mange immigrantar frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen. Mange av dei budde lenge i campingbilar og campingvogner.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tzochar» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Genesis Chapter 46 bibelen.no
Bakgrunnsstoff
endre- Tzochar Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. Negev Information Sentral