UEFA-cupfinalen i fotball 2008
Finalen i UEFA-cupen i fotball 2008 fann stad på City of Manchester Stadium i Manchester 14. mai 2008 framfor 43 878 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom russiske FK Zenit frå St. Petersburg og skotske Rangers FC frå Glasgow. FK Zenit sikra seg sin fyrste UEFA-pokal med 2 mål mot 0.
Kampen
endrePublikum måtte vente til det 72. minutt før den fyrste skåringa kom, Igor Denisov vart då spelt gjennom midtforsvaret til Rangers og frå 12-14 meters hald plasserte ballen trygt til sides for målvakta i nettet. Langt ut i plusstida la Konstantin Zyrjanov på til 2-0 frå 2 meters hald.
Peter Fröjdfeldt frå Sverige dømde kampen.
Laga
endreZenit sitt vinnarlag bestod av Vjatsjeslav Malafejev, Aleksandr Anjukov, Ivica Križanac, Roman Sjirokov, Radek Šírl, Konstantin Zyrjanov, Anatolij Tymosjtsjuk (kaptein), Igor Denisov, Viktor Fajzulin, Fatih Tekke, Andrej Arsjavin og innbytaren Kim Dong-jin.
Rangers mønstra Neil Alexander, Kirk Broadfoot, David Weir, Carlos Cuéllar, Saša Papac, Steven Whittaker, Barry Ferguson (kaptein), Brahim Hemdani, Kevin Thomson, Steven Davis, Jean-Claude Darcheville, Nacho Novo, Lee McCulloch, Kris Boyd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «2008 UEFA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2019.