Opna hovudmenyen

Uggdal er administrasjonssenteret i Tysnes kommune og ligg på Tysnesøy. I Uggdal finn ein kommunehus, legekontoret, politiet og brannstellet i kommunen. Fylkesveg 49 går gjennom Uggdal. Reisoelvo munnar ut i området.

Uggdal
stad
Utsyn mot kommunehusa i Uggdal.JPG
Kommunehusa i Uggdal og andre bygningar. Ein kan skimta Mehammarsåto som den høgaste toppen i den bakre horisonten.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Tysnes
Postnummer 5685
Preposisjon i Uggdal
Wikimedia Commons: Uggdal
Uggdal skule og eine grasbanen til det lokale fotballaget Njardar/Tysnes. Fylkesveg 49 kryssar biletet.

NamnetEndra

Det eldste oppskrivinga av namnet er forma «Vpdal» frå 1288, som peikar på kyrkjesoknet. I to diplom frå 1328 og 1330 finn ein forma «i Uppdale». Gardsnamnet «Opdal» finn ein fyrste gongen nemnt i 1519.[1]

Den munnlege uttalen av både sokne- og gardsnamnet skal ha vore «Uggdal» lenge. Ei eldre form «Uppdalr» skal ha vorte til «Ubbdal», som seinare skal ha skift seg til «Uggdal».[1]

Namnet Uggdalseidet stammar frå 1933 då «Opdalseidet» vart endra til «Uggdalseidet» for å vera i harmoni med den munnlege uttalen av soknenamnet. Forma «Opdalseidet» stammar frå 1902, laga etter soknenamnet, då det erstatta «Møklestadeidet», ei sak som vekte noko lokal kontrovers sidan den nye forma skal ha vore meir eller mindre ukjend på folkemålet. Fyrste gongen forma «Opdalseidet» dukkar opp skal vera i 1870-åra, og då om den lokale dampskipstoppestaden.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Ernst Berge Drange (1987). Tysnes Gards- og ættesoge. 2. s. 270. 
  2. Ernst Berge Drange (1987). Tysnes Gards- og ættesoge. 2. s. 247. 
  Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.