Opna hovudmenyen
Ulan-Ude
Ула́н-Удэ́
Leninhovudet i Ulan Ude
Byvåpenet til Ulan-Ude
Byvåpenet til Ulan-Ude


Plassering
Ulan-Ude is located in Russland
Ulan-Ude is located in Burjatia
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Burjatia
Grunnlagd
Bystatus
1666
1775
Borgarmeister Gennadi Aidajev
Geografi
Flatevidd
 - By

377 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

343 000
  909,8 /km²
Koordinatar 51°50′″N 107°37′″EKoordinatar: 51°50′″N 107°37′″E
Høgd over havet 530 moh
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 670000–670051
Retningsnummer (tlf) (+7)3012
Bilnummer 03
Nettstad: www.ulan-ude-eg.ru/


Ulan-Ude (russisk Ула́н-Удэ́, burjatisk Улаан-Үдэ – Ulaan-Üde) er hovudstaden i Republikken Burjatia i Russland. Han ligg rundt 4500 km aust for Moskva og 100 km søraust for Bajkalsjøen. I 2007 hadde byen om lag 340 000 innbyggjarar.

Han ligg ved foten av fjellkjedene Khamar-Daban og Ulan-Burgasy-fjella, like ved staden der elva Selenga renn saman med sideelva Uda som deler byen i to.

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Odigitrievskij-katedralen i Ulan-Ude

Busetnaden Udinskoje (russisk Удинское) vart grunnlagd i 1666 som ein overvintringsstasjon av kosakkar. I 1775 fekk han byrettar under namnet Udinsk, som vart endra til Verkhneudinsk (russisk Верхнеу́динск) i 1783. På grunn av den geografiske plasseringa voks byen raskt og vart eit viktig handelssenter som knytte Russland til Kina og Mongolia. Etter ein stor brann i 1878 vart byen gjenoppbygd heilt frå grunnen av. 27. juli 1934 fekk byen det noverande noverande namn Ulan-Ude (burjatisk for Raude Uda).

Økonomi og næringslivEndra

Byen er det kulturelle og økonomiske senter i Transbajkal-området.

I Ulan-Ude ligg Den statlege flyfabrikk Nr. 99 , som mellom anna produserer flytypane Mil Mi-14,Mil Mi-8 og Su-25.

TransportEndra

Ulan-Ude er eit knutepunkt mellom den transsibirske og den transmongolske jernbanen.

Ulan-Ude lufthamn (Mukhino) ligg 10 km vest for bysentrum, medan den mindre Ulan-Ude Vostotsjnyj lufthamn ligg 12 km mot aust.

Innanfor byen består kollektivtrafikken av trikkar, bussar og marsjrutka (rutetaxi).

AttraksjonarEndra

 
Eit trehus i Ulan-Ude

Ikkje langt frå Ulan-Ude, nær landsbyen Ivolginsk, ligg eit buddhistisk kloster (Dazan). Byen har òg eit etnografisk museum, som viser det historiske tilværet av dei forskjellige folkegruppene i regionen: evenkar, urinnvånarane i området, burjatar, eit mongolsk folk som tradisjonelt bekjenner seg til Vajrayana-buddhismen, Semejskije, eit trussamfunn av såkalla gammaltruande og russarar.

Byen er òg kjent for det monumentale minnesmerket over Vladimir Lenin på det sentrale torget i byen, det største Leninhovudet i verda.

Langs elvebreiddene i det historiske sentrumet i byen ligg gamle herskapshus til handelsmenn, rikt dekorert med utskjeringar i tre og stein. Dei representerer utsøkte døme på russisk klassisisme.

UtdanningEndra

Byen har mange institusjonar for høgare utdanning, mellom anna Burjatia statlege jordbruksakademi, Burjatia statlege universitet, Austsibirske statlege akademi for kultur og kunst og Austsibirske statlege teknologiske universitet.

BakgrunnsstoffEndra