Ulrik Bugge
Ulrik Bugge (20. desember 1806–13. januar 1878) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.
Ulrik Bugge | |||
Fødd | 20. desember 1806 | ||
---|---|---|---|
Død | 13. januar 1878 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Barn | Johan Carl Bugge | ||
Alle verv |
|
Bugge var fødd i Drøbak, der far hans då var kjøpmann, seinare flytta han verksemda til Christiania. Sjølv vart sonen student frå katedralskulen i hovudstaden i 1826 og cand. theol. i 1830. Deretter var han styrar ved borgarskulen i Fredrikstad frå 1832, kateket i Risør frå 1836. År 1842 vart han utnemnd til sokneprest i Herad i Vest-Agder. Dette kallet styrte han fram til 1855, då han vart sokneprest i Eid prestegjeld i Sogn og Fjordane. Han sat med det embetet til han døydde.
Bugge var 4. representant til Stortinget for Lister og Mandals amt i 1851 og 1854. I 1851 var han medlem av justiskomite nr 2 og lovkomiteen, i 1854 var han medlem av militærkomiteen.
Han døydde i 1878 på Nordfjordeid.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- NRKs fylkesleksikon
- Biografisk informasjon om Ulrik Bugge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv