Umaru Bangura

sierraleonsk fotballspelar

Umaru Bangura (fødd 7. oktober 1987 i Freetown) er ein sierraleonsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelar han på midtbanen for Haugesund i den norske Tippeligaen.

Umaru Bangura
Personleg informasjon
Kallenamn Zingalay
Fødd 7. oktober 1987 (37 år)
Fødestad Freetown
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund
Nummer 10
Ungdomsklubbar
2004-05
2005
Flagget til Sierra Leone Mighty Blackpool
Watford
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-10
2011-
Noreg Hønefoss
Noreg Haugesund
126 (7)[1]
17 (0)[1]
Landslag
2006- Flagget til Sierra Leone Sierra Leone 14 (0)[2]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. august 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 19. april 2011

Bangura spelte for Sierra Leone under U17-VM i Finland i 2003. Etter meisterskapen drog han til den engelske klubben Watford, men fekk ikkje arbeidsløyve i Storbritannia. Han drog til Noreg og Hønefoss i Adeccoligaen i 2006. Han var eit fast innslag på laget til Hønefoss til og med 2010-sesongen, då klubben spelte i Tippeligaen. Etter at Hønefoss rykte ned att til Adeccoligaen, skreiv Bangura under for Haugesund 29. november 2010, utan overgangssum.

Bangura debuterte for A-landslaget til Sierra Leone 3. september 2006 i ein kvalifiseringskamp til Afrikameisterskapen mot Togo. Han var fast på laget under Sierra Leone sine kvalifiseringskampar til fotball-VM i 2010.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. National Football Teams