Underground av David Bowie

Underground
Singel av David Bowie
frå albumet Labyrinth
B-side

Underground (Instrumental)

Utgjeve 9. juni 1986[1]
Innspelt 1985
Sjanger Rock
Lengd 5:57 (album)
4:25 (forkorta)
Selskap EMI
EA216
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Absolute Beginners»
(1986)
Underground «When the Wind Blows»
(1986)


«Underground» er ein song skriven og spelt inn av David Bowie for lydsporet til filmen Labyrinth i 1986. Songen nådde 21. plassen på UK Singles Chart.

Detaljar og bakgrunn endre

Bowie skreiv og spelte inn fem songar for Labyrinth, der han òg spelte rolla som Jareth, kongen over nissane.[3] «Underground» er temasongen i filen. Ein langsame, nyinnspelt versjon av komponisten Trevor Jones vert nytta over opninga av filmen, medan originalversjonen til Bowie vert spelt under rulleteksten til slutt.[4][5] Bowie forklarte valet av musikkstil for songen og sa «Filmen handlar i røynda om kjenslene til ei jente og kva ho går gjennom, oppdagingar om seg sjølv og foreldra hennar og forholdet hennar til familien. Så eg ønskte å gjere noko emosjonelt, og for meg er den mest emosjonelle musikken eg kan tenkje meg gospel[4]

Bowie og produsenten Arif Mardin spelte inn «Underground» i Atlantic Studios i New York. Songen vart spelt inn med eit stort kor, som inkluderte Chaka Khan, Luther Vandross og Daphne Rubin-Vega,[2] i lag med The Radio Choir of the New Hope Baptist Church.[4] Sologitaren vart spelt av bluesgitarist Albert Collins. Bowie skildra bidraga hans til songen som «ein veldig vill, grov, aggressiv lyd som går imot noko av den kanskje overflatiske glattheita til synthesizeren.»[4]

Video endre

Steve Barron regissert ein musikkvideo for songen, som vart filma i Shepperton Studios i løpet av to dagar i 1986.[6] Videoen syner Bowie som nattklubbsongar som går inn i eit illevarslande smug, der han støyter på ulike dokker frå Labyrinth, inkludert karakterar som Hoggle og The Junk Lady.[2][7] Bowie vert omgjort til ein teikneseriefigur, og går inn i ein animert undergrunnsverd. Før han han fell ned i undergrunnen kan ein sjå ein kort montasje av fleire tidlegare Bowie-image, som Ziggy Stardust og Jazzin' for Blue Jean, og karakterane hans frå The Man Who Fell To Earth og The Hunger.[6][7]

Labyrinth-regissøren Jim Henson var så imponert over videoane til Barron at han tilbaud han å regissere pilotepisoden til The Storyteller.[4] Sjølv om Bowie ikkje var særleg involvert i marknadsføringa av filmen, var Henson takksam for musikkvideoen til «Underground» og sa «eg trur det er det beste han kunne ha gjort for filmen.»[8] Bowie var ikkje nøgd med videoen, og sa i 1987 «eg ser at videoane eg overlet til andre folk alltid har blitt feil. Fordi av mangelen på mi eiga interesse vart eg ikkje involvert i ting som 'Underground' som eg laga for Labyrinth. Eg berre gav det opp og resultatet er ikkje min type video. Eg var litt for lat der. Eg kjende meg ikkje involvert.»[9][10] Trass i at Bowie mislikte videoen, rekna Entertainment Weekly og Esquire videoen blant hans beste etter at han døydde i 2016.[11][12]

Mottaking endre

Smooth Radio valde «Underground» som den 15. beste av dei 20 beste Bowie-songane.[13] Newsweek rekna songen som den sterkaste på Labyrinth,[14] eit syn Screen Rant delte. Dei rekna òg «Underground» som ein av dei 10 beste temasongane for film frå 1980-åra.[15]

Innhald endre

Alle songar av Bowie.

7" kommersiell singel/12" promosingel: EMI / EA 216 (Storbritannia) endre

  1. «Underground (Edited version)» – 4:25
  2. «Underground (Instrumental)» – 5:40
    • Dette er den einaste instrumentale versjonen med korsongarar

Alle andre instrumentale versjonar er noko lengre, med berre akkompagnement, utanom på baksida av 12"-promosingelen.

12" Club-singel: EMI / 12EA 216 (Storbritannia) endre

  1. «Underground (Extended dance mix)» – 7:51
  2. «Underground (Dub)» – 5:59
  3. «Underground (Instrumental)» – 5:54

7" biletplate: EMI / EAP 216 (Storbritannia) endre

  1. «Underground (Edited version)» - 4:25
  2. «Underground (Instrumental)» - 5:52

Digital: EMI / iEA 216 (Storbritannia) endre

  1. «Underground (Edited version)» – 4:25
  2. «Underground (Extended dance mix)» – 7:51
  3. «Underground (Instrumental av albumversjonen)» – 5:54
  4. «Underground (Dub)» – 5:59
  • gjeve ut i 2007

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[16] 26
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[17] 10
Canadian Singles Chart[18] 73
Finland (Suomen virallinen lista)[19] 7
Tyskland (GfK)[20] 20
Nederland (Single Top 100)[21] 7
New Zealand (Recorded Music NZ)[22] 6
Spania (AFYVE)[23] 11
Den svenske singellista[24] 19
Sveits (Swiss Hitparade)[25] 14
UK Singles Chart[26] 21
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[27] 22
US Mainstream Rock (Billboard)[28] 18

Kjelder endre

  1. Underground Discogs
  2. 2,0 2,1 2,2 (Block & Erdmann 2016, s. 165-166)
  3. (Pegg 2016, s. 673-675, «Labyrinth» in chapt. Stage and Screen)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 (Pegg 2016, s. 294, «Underground» in chapt. The Songs From A to Z)
  5. Eames, Tom (17. juli 2020). «A guide to David Bowie's underrated songs from Labyrinth». Smooth Radio. Henta 7. september 2021. 
  6. 6,0 6,1 Martin, Peter (22. juni 1986). «The Entertainer». Telegraph Sunday Magazine. The Sunday Telegraph (1309) (London). s. 37–38.  Gale IO0701431518
  7. 7,0 7,1 (Palmer 2020, s. 172)
  8. «'Labyrinth' Music Video Applauded». Sun-Sentinel (Fort Lauderdale, Florida). 4. juli 1986. s. 23.  ProQuest 389704937
  9. «Dave In, Dave Out». Music & Sound Output Magazine. June 1987. Arkivert frå originalen 25. august 1999. Henta 11. juli 2013. 
  10. «Dave In, Dave Out», Music & Sound Output Magazine, June 1987, henta 11. juli 2013 
  11. Anderson, Kyle (2. september 2021). «David Bowie's 20 best music videos». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 25. januar 2021. Henta 7. september 2021. 
  12. Miller, Matt (2. september 2021). «David Bowie's 10 Greatest Music Videos». Esquire. Henta 7. september 2021. 
  13. Eames, Tom (26. juni 2020). «David Bowie's 20 greatest ever songs, ranked». Smooth Radio. Henta 7. september 2021. 
  14. Schonfeld, Zach; Macallaster, Matt; Seeley, John (2. september 2021). «70 David Bowie Deep Cuts to Listen to on What Would Have Been Thin White Duke's 70th Birthday». Newsweek. Henta 7. september 2021. 
  15. Desmarais, Guy (10. februar 2020). «The 10 Best Movie Theme Songs From The 80s». Screen Rant. Henta 7. september 2021. 
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  17. «ultratop.be». Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 11. juni 2017. 
  18. Library and Archives Canada: Volume 44, No. 16, July 12 1986, 12. juli 1986, henta 11. juli 2014 
  19. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  20. «germancharts.de» (på tysk). Media Control. Henta 10. juni 2017. 
  21. «dutchcharts.nl». Hung Medien. MegaCharts. Henta 11. juni 2017. 
  22. «charts.nz». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 11. juni 2017. 
  23. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  24. «swedishcharts.com». Hung Medien. Henta 11. juni 2017. 
  25. «der Schweizer Hitparade» (på tysk). Hung Medien. Henta 10. juni 2017. 
  26. «OfficialCharts.com». Henta 10. juni 2017. 
  27. "Bowie?f=359&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for David Bowie. Prometheus Global Media.
  28. "David Bowie Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 5. september 2021.

Bakgrunnsstoff endre