Underholdningsavdelingen
Underholdningsavdelingen er eit norsk humorprogram som baserar seg på sketsjar og musikalske innslag som vart sendt på NRK1 frå 2013 til 2016.
| |||
Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Komedie | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Innspelingsstad | NRK Marienlyst | ||
Introduksjonsår | 2013 | ||
Sesongar | 4 | ||
Episodar | 40 | ||
Språk | Norsk | ||
Medverkande | Bjarte Tjøstheim Christian Mikkelsen Herborg Kråkevik Kristin Grue Kristine Riis Live Nelvik Martin Beyer-Olsen Robert Stoltenberg Silje Torp Steinjo Greig Halvorsen Vidar Magnussen | ||
Periode | 16. februar 2013– 26. mars 2016 | ||
Kanal | NRK1 |
Programmet vart sendt på NRK1 for fyrste gong 16. februar 2013 og premieren vart sett av 835 000 sjåarar.[1]
På tross av gode sjåaartal kunngjorde NRK i juni 2016 at programmet ikkje vart fornya og at det var sett på pause inntil vidare.[2]
Format
endreProgrammet er inspirert av det amerikanske humorprogrammet Saturday Night Live, og er i hovudsak basert på sketsjar framført framfor eit studiopublikum i tillegg til sketsjar som er spelt inn på førehand.
Kvart av programma opnar med ein kort monolog der deltakarane i ensemblet ynskjer velkomen til programmet. I den fyrste sesongen var det berre to av medlemma i ensemblet som ynskja velkomen. I avslutninga på kvart program står alle deltakarane samla og takkar sjåaren for å ha sett på.
Det fiktive husbandet Lenny's Orkester er ein fast gjengangar i den fyrste sesongen av Underholdningsavdelingen.
Produksjon
endreMedlemmar i ensemblet
endreSesong 1
endre- Bjarte Tjøstheim
- Herborg Kråkevik
- Kristin Grue
- Live Nelvik
- Robert Stoltenberg
- Steinjo Greig Halvorsen
- Vidar Magnussen
Sesong 2
endre- Bjarte Tjøstheim
- Kristin Grue
- Live Nelvik
- Robert Stoltenberg
- Silje Torp
- Vidar Magnussen
Sesong 3
endre- Robert Stoltenberg
- Silje Torp
- Vidar Magnussen
- Steinar Sagen (vikar i episode 4)
Sesong 4
endre- Christian Mikkselsen
- Christian Skolmen
- Kristine Riis
- Martin Beyer-Olsen
- Silje Torp
Medlemmar på sesongbasis
endreSesong 1 | Sesong 2 | Sesong 3 | Sesong 4 | |
---|---|---|---|---|
Bjarte Tjøstheim | ||||
Christian Mikkelsen | ||||
Christian Skolmen | ||||
Herborg Kråkevik | ||||
Kristin Grue | ||||
Kristine Riis | ||||
Live Nelvik | ||||
Martin Beyer-Olsen | ||||
Robert Stoltenberg | ||||
Silje Torp | ||||
Steinjo Greig Halvorsen | ||||
Vidar Magnussen |
Faste innslag
endre- Nytt på lørdag - første innslag i episode 2 i sesong 1
- Verdens minste kommentatorboks - første innslag i episode 2 av sesong 3
Studio
endreInnslag og sketsjar som er spelt inn framfor publikum er spelt inn i Studio 2 på NRK Marienlyst.
Episodar
endreSesong 1
endreEpisode | Sendedato | Sjåartal |
---|---|---|
1 | 16. februar 2013 | 835 000 |
2 | 23. februar 2013 | 687 000[3] |
3 | 2. mars 2013 | |
4 | 9. mars 2013 | |
5 | 16. mars 2013 | |
6 | 23. mars 2013 | |
7 | 6. april 2013 | |
8 | 13. april 2013 | |
9 | 20. april 2013 | |
10 | 27. april 2013 |
Sesong 2
endreEpisode | Sendedato | Sjåartal |
---|---|---|
11 | 8. februar 2014 | |
12 | 15. februar 2014 | |
13 | 22. februar 2014 | |
14 | 1. mars 2014 | |
15 | 15. mars 2014 | |
16 | 22. mars 2014 | |
17 | 29. mars 2014 | |
18 | 5. april 2014 | |
19 | 12. april 2014 | |
20 | 26. april 2014 |
Sesong 3
endreEpisode | Sendedato | Sjåartal |
---|---|---|
21 | 31. januar 2015 | |
22 | 7. februar 2015 | |
23 | 14. februar 2015 | |
24 | 21. februar 2015 | |
25 | 28. februar 2015 | |
26 | 7. mars 2015 | |
27 | 14. mars 2015 | |
28 | 21. mars 2015 | |
29 | 28. mars 2015 | |
30 | 11. april 2015 |
Sesong 4
endreEpisode | Sendedato | Sjåartal | Gjest |
---|---|---|---|
31 | 16. januar 2016 | Robert Stoltenberg | |
32 | 23. januar 2016 | Kevin Vågenes | |
33 | 6. februar 2016 | Erik Solbakken | |
34 | 13. februar 2016 | Ine Jansen | |
35 | 20. februar 2016 | Erik Solbakken | |
36 | 27. februar 2016 | Robert Stoltenberg | |
37 | 5. mars 2016 | Kåre Magnus Bergh | |
38 | 12. mars 2016 | Steinar Sagen | |
39 | 19. mars 2016 | Vidar Magnussen | |
40 | 26. mars 2016 |
Mottaking
endreProgrammet fekk blanda mottaking frå kritikarane. Kritikar i VG, Øystein David Johansen, kalla programmet for «tidenes dårligaste lørdagsunderholdning».[4] Dagbladet sin kritikar, Camilla Berg Hansen, var noko meir positiv og beskreiv programmet som «greit og blanda».[5]
Prisar
endreI 2016 vart Kristine Riis nominert til Komiprisen i kategorien «Årets kvinnelige TV-komiker» og Martin Beyer-Olsen nominert i kategorien «Årets mannlige TV-komiker».[6] Innslaget «Skavlan-parodi» vart nominert i kategorien «Årets TV-øyeblikk», medan Christian Mikkelsen vann kategorien «Årets gjennombrudd».
Kritikk
endreEin sketsj i episode 28, som vart sendt 21. mars 2015, vekka reaksjonar blant nokre sjåaarar.[7] Sketsjen handla om ein eigedomsmeklar som prøvde å selja eit dødsbu med tydelege spor etter blod og lik liggjande rundt i bustaden.
Kjelder
endre- ↑ «NRK-humor til topps», kampanje.com (på norsk bokmål), henta 10. februar 2021
- ↑ Nordseth, av Pål (8. juni 2016), «Var ikke 700 000 seere nok? NRK legger ned «Underholdningsavdelingen»», Filter Film og TV (på norsk bokmål), henta 10. februar 2021
- ↑ «Nedtur for TV-helgen», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 12. februar 2021
- ↑ «TV-anmeldelse: Få tilbake lørdagen min!», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 10. februar 2021
- ↑ Hansen, Camilla Berg (16. februar 2013), «Greit og blandet», dagbladet.no (på norsk), henta 10. februar 2021
- ↑ Karlsen, Marie Skarpaas (30. april 2016), «To priser til bergenshumorister», Bergensavisen (på norsk), henta 11. februar 2021
- ↑ undefined, undefined (24. mars 2015), «Fy skam, NRK!», dagbladet.no (på norsk), henta 11. februar 2021