Silje Torp

norsk skodespelar

Silje Torp (fødd 19. oktober 1974 som Silje Torp Færavaag i Oslo) er ein norsk skodespelar, forfattar, trenar og mentaltrenar.

Silje Torp

Fødd19. oktober 1974 (49 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, programleiar, personlig trener

Ho gjekk på Statens Teaterhøgskole 1997-2000. Før det budde ho i Italia i tre år og gjekk på kunstakademi i Carrara og utdanna seg til å verta skulptør/steinhoggar.

Ho spelte rolla som den sterke skjoldmøya Frøya i sesong 1, 2 og 3 av TV-serien Norsemen/Vikingane.[1] Serien vart fyrst vist på NRK, og seinare på strømmeplattformen Netflix. Ho var blant anna kjend frå før av for rolla som lensmannen Mette Hansen i Lilyhammer 2.[2]

Dei seinare åra har ho utdanna seg til personleg trenar og mentaltrenar, og gav i januar 2019 ut boka Sterk med strikkCappelen Damm.[3]

Utvald filmografi endre

Kjelder endre

  1. «Silje Torp som Frøya: – Jeg liker å svette meg inn i rollen» (på norsk bokmål). 18. november 2016. Henta 29. juli 2020. 
  2. «Advarsel! Her avslører vi hvem «Lilyhammer»-lensmannen forfører i neste episode...» (på norsk bokmål). 28. oktober 2014. Henta 29. juli 2020. 
  3. «Sterk med strikk» (på norsk). Cappelen Damm. 2019. Henta 29. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Silje Torp