Unity er namnet på ein av modulane som dannar den internasjonale romstasjonen. Den sylindriske modulen vart bygd av The Boeing Company på romfartssenteret George C. Marshall Space Flight Center i Huntsville, Alabama, USA. Unity som også vert kalla «Node 1», vart sendt opp med den amerikanske romferja Endeavour under STS-88 den 4. desember 1998 og vart 2 dagar seinare kopla saman med den russiskbygde Zarya som alt var i bane rundt jorda sidan november same året.

Modulen Unity fotografert frå romferja Endeavour.

Unity vart seinare kopla til den amerikanske laboratoriemodulen Destiny (under romferda STS-98), segmentet Z1 (eit tidleg rammeverk for stasjonen som vart montert under romferda STS-92), PMA-3 (også montert under STS-92) og luftslusa Quest (montert under STS-104). Dessutan vert dei mobile MPLM-modulane kopla til Unity på fleire ferder med romferjene.

Mål endre

  • Lengde: 5.49 m
  • Diameter: 4.57 m
  • Masse: 11,612 kg

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre