Universitetet i Kairo

Universitetet i Kairo (arabisk جامعة القاهرة‎, engelsk Cairo University, tidlegare Egyptian University og Fuad University) er eit institutt for høgare utdanning i Giza ved Kairo i Egypt. Universitetet blei danna i 1908, då Egypt var under britisk kolonistyre. Universitetet i Kairo var inspirert av europeiske universitet, som mange utdanna egyptarar no hadde vitja. Det var dermed ein motsats til tradisjonelle religiøse instutusjonar som Al-Azharuniversitetet, og blei ein modell for statlege universitet i regionen.

Universitetet i Kairo

Grunnlagt1908
TypeUniversitet
Studentar257 200 (2009)
Tilsette12 158
Nettstadhttps://cu.edu.eg/ar/Home (arabisk)
Kart
Universitetet i Kairo
30°01′39″N 31°12′37″E / 30.0276°N 31.21014°E / 30.0276; 31.21014

Universitetet er i dag (2013) delt inn i 27 fakultet eller institutt. Det undervises mellom anna i medisin, farmakologi, veterinærmedisin, ingeniørkunst, jordbruk, statsvitskap, arkeologi, økonomi, juss, naturvitskap og humaniora.

Nokre kjende studentar ved universitetet har vore egyptiske Boutros Boutros-Ghali, palestinske Yassir Arafat og irakiske Saddam Hussein.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Kairo