Lars Arvid Nilsen

Lars Arvid Nilsen (fødd 15. mars 1965) er ein norsk jurist og tidlegare kulestøytar som har den norske rekorden i øvinga (2014). Han representerte porsgrunnsklubben Urædd. Under friidretts-VM 1991 i Tokyo tok han sølvmedaljen i kuletevlinga. Opphavleg kom på tredjeplass, men sølvmedaljøren Georg Andersen vart diskvalifisert etter ei positiv dopingprøve i forkant av meisterskapen. Nilsen vart norsk meister i kulestøyt i 1989 og 1991.

Lars Arvid Nilsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. april 1965 (59 år)
Notodden kommune
Idrett friidrett, kulestøyt
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

Nilsen hadde store framgangar i kulestøyt i 1985 og -86. Under den USA-amerikanske studentmeisterskapen i Indianapolis 6. juni 1986 forbetra han den norske rekorden i kulestøyt til 21,22 meter, ein rekord som står seg også i 2014. Seinare i 1986-sesongen kom han på femteplass under friidretts-EM i Stuttgart. Året etter vart han teken for bruk av dopingmidlar og utestengt frå tevlingar i to år.

Etter utestenginga kom Nilsen i 1989 tilbake på friidrettsbana og vart norsk meister med sterke 20,87 meter. Han gjekk så heilt til topps i universiaden 1989 som vart avvikla i Duisburg i slutten av august, framom Mike Stulze frå USA. Nilsen vart så i 1990 nummer seks under EM i friidrett i Split.

I 1991 vann Nilsen sitt andre NM-gull i kulestøyt, framom sin hardaste konkurrent i Noreg; Georg Andersen. Etter kulestøyttevlinga i VM i friidrett 1991 i Tokyo stod begge desse på sigerspallen, med den suverene einaren, Werner Günthör frå Sveits, på toppen. Få dagar seinare vart Andersen diskvalifisert frå sølvplassen grunna ei dopingprøve frå før meisterskapen, og Nilsen tok over sølvemedaljen. Året etter, i 1992, vart Nilsen sjølv dopingdømd, og deretter fråteken retten til å delta i idrettstevlingar for all framtid.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1984: Sølv – 17,71 m, bakom Knut Hjeltnes (18,32 m)
  • 1985: Sølv – 19,13 m, bakom Arne Pedersen (19,28 m)
  • 1986: Sølv – 19,73 m, bakom Jan Sagedal (20,49 m)
  • 1989: Gull – 20,87 m, framom Georg Andersen (20,13 m)
  • 1990: Sølv – 20,46 m, bakom Georg Andersen (20,80 m)
  • 1991: Gull – 20,49 m, framom Georg Andersen (20,28 m)

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Doping endre

Nilsen vart teken for doping i 1987 og i 1992, noko som førte til at han i 1992 vart utestengt frå all organisert idrett for alltid. I 2004 vart Nilsen benåda av Idrettsstyret i Norges Idrettsforbund kva gjeld deltaking i organisert trening og konkurranseaktivitet i andre idretter enn kulestøyt. Benådinga omfattar ikkje tevlingar som kvalifiserar til nasjonale og internasjonale meisterskap.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.