Olav Jenssen (fødd 11. mai 1962) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Porsgrunn som fremst tevla i diskoskasting, ei tid òg i kulestøyt. Han vart noregsmeister i diskoskasting 1987, 1997 og 1998. Perioden 1986-2001 sanka han 14 NM-medaljar, av dei 13 i diskoskast. Han var medlem av Urædd, bortsett frå åra 1995-98 då han representerte SK Vidar.

Olav Jenssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mai 1962 (61 år)
Vinje kommune
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Jenssen sette i 1985 personleg rekord i kulestøyt med 18,60 meter. Same sesongen kasta han for fyrste gong over 60 meter i spesialøvinga diskoskast. I 1986 flytta han sitt personbeste til 62,02 m og fekk delta i EM i friidrett 1986. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 63,32 m ved eit stemne i USA, før han sikra seg gullmedaljen i noregsmeisterskapen 1987. Gjennom 1988-sesongen auka han sitt personbeste i tre tevlingar, sist til 64,54 m i Spikkestad. Jenssen fekk opp sitt livs beste kast i Salinas i California den 24. mai 1989. Med 66,28 meter vart han tredjemann i tevlinga, kastet vart også årsbeste av ein nordmann.

Etter eit par svakare sesongar kvalifiserte Jenssen seg til Sommar-OL 1992 i Barcelona. Han kasta då 60,00 meter i kvalifiseringa, lengst av dei som ikkje fekk finaleplass. Siste halvdelen av 1990-åra heldt han eit jamt bra nivå og vann NM-gull i 1997 og 1998. Han fekk òg ta del i Friidretts-VM 1995 og 1997, samt Friidretts-EM 1998. I løpet av si lange aktive tid møtte Jenssen sterke nasjonale konkurrentar som Knut Hjeltnes, Svein Inge Valvik og Einar Kristian Tveitå.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1986 i Sandnes: Bronsemedalje i diskoskast – 60,30 m
  • 1987 i Nesbyen: Gull i diskoskast – 60,18 m, framom Svein Inge Valvik (59,70 m)
  • 1988Byrkjelo: Sølv i diskoskast – 58,74 m, bakom Knut Hjeltnes (61,24 m)
  • 1989 i Stjørdal: Bronse i kulestøyt – 17,12 m, og i diskoskast – 59,72 m
  • 1990 i Moss: Bronsemedalje i diskoskast – 58,22 m
  • 1991 i Fana: Sølv i diskoskast – 58,20 m, bakom Svein Inge Valvik (62,60 m)
  • 1992 i Mosjøen: Bronsemedalje i diskoskast – 57,56 m
  • 1995Lillehammer: Sølv i diskoskast – 60,06 m, bakom Svein Inge Valvik (60,92 m)
  • 1996 i Kristiansand: Bronsemedalje i diskoskast – 58,32 m
  • 1997 i Overhalla: Gull i diskoskast – 59,70 m, framom Knut Hjeltnes (59,08 m)
  • 1998 i Askøy: Gull i diskoskast – 62,00 m, framom Einar Kristian Tveitå (60,67 m)
  • 1999 på Byrkjelo: Bronsemedalje i diskoskast – 59,74 m
  • 2001 i Drammen: Bronsemedalje i diskoskast – 55,21 m

Personlege rekordar og årsbeste i diskoskast endre

År 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001
Lengde 55,00 56,42 60,60 62,02 63,32 64,54 66,28 60,98 60,04 64,36 55,52 58,90 63,36 63,06 62,70 63,91 å 61,87 60,18 57,43

Kjelder endre