Uralsk språkhistorie

Uralsk språkhistorie er historia til språka i den uralske språkfamilien, korleis dei er relatert til kvarandre og til det felles uralske urspråket som dei ulike uralske språka har utvikla seg frå. Ingen av dei uralske språka har skriftlege kjelder som går meir enn eit millennium attende i tid, så uralsk språkhistorie kviler på komparativ språkforsking.

Det uralske urspråket

endre

Dei ulike uralske språka går attende til det uralske urspråket.

Det finst ulike teoriar om kor langt attende i tid den uralske språkfamilien går.

Eitt estimat, av Juha Janhunen er at ururalsk, går ca. 5000 år attende i tid.[1] Estimatet til Juha Janhunen er lingvistisk basert: med åtte språklege forgreiningar attende i tid, og ca. 500 år per språklege forgreining, frå år 1000 (uraustersjøfinsk) og attende, kjem han fram til 5000 år. Dette estimatet passar også med tilsvarande estimat for urindoeuropeisk, uralsk har fleire lånord frå dei eldste fasane av det indoeuropeiske urspråket. Arkeologar (som Carpelan og Parpola) går inn for ei eldre datering, basert på at dei vil samanføre urspråket med arkeologiske funn i den neolittiske kamkeramiske kulturen (6-7 tusen år gammal). Det fellesuralske ordforrådet tyder på eit mesolittisk samfunn, med ord for jakt og fiske (‘boge’ (*yïngsi) og ‘pil’ (*nyïxli), ‘ski’ (*suksi), og ‘ro’ (*suxi-). Andre fellesuralske ord som viser til ein fangstkultur er ‘fisk’ (*kala), ‘egg’ (*muna), ‘reir’ (*pesa), og ordet for ‘jage’ (*nyoxi-), det einaste ordet som eventuelt viser til seinare kultursteg, ordet for ‘tam’ *ïnyi, kan også vise til hundehald.[2]

Området for talarane av det ururalske språket har tradisjonelt vorte halde for å vere vestsida av Uralfjella, sør for den store svingen i Volga.[3] Eit anna, nyare syn, er at det har vorte snakka i eit stort område frå Ural til Baltikum (dette gjeld særleg skolen rundt Kalevi Wiik og Ago Künnap, jf. Wiik 2004, dette synet har ikkje fått gjennomslag i uralistkrinsar). Juha Janhunen argumenterer for ein urheim ikkje langt unna det opphavlege området til talarane av den uralske språkgreina som skilde seg først ut, nemleg samojedisk, dvs. i Minusinsk-området ved øvre Jenisej.

Typologisk er uralsk ein del av eit uralsk-tyrkisk-mongolsk-tungusisk-jukagirsk-koreansk-japansk Sprachbund, dvs. desse språkfamiliane har mange felles grammatiske og typologiske eigenskapar[4]. Dette er også argument for å plassere det uralske opphavet i aust. Derimot er det umogleg å postulere eit felles leksikon av arveord for desse språka, vi har m.a.o. ikkje grunnlag for å hevde at dei skal vere genetisk beslekta.

Også ungarske forskarar har argumentert for ein urheim aust for Uralfjella, på grunnlag av etymologiske faktorar.[5]

Fotnotar

endre
  1. Sjå Janhunen 2009, s. 65 for ein diskusjon
  2. Janhunen 2009, s. 66
  3. For det tradisjonelle synet på det uralske området, sjå t.d. introduksjonen til Sinor 1988.
  4. Sinor 1988 har gode oversyn over tilhøvet mellom uralsk og nabospråkfamiliane, eit kapittel for kvar nabospråksfamilie
  5. Hajdú 1969, s. 257–258

Litteratur

endre